About this role
Ved Svelgen omsorgssenter er det ledige helgastillingar, og vi søkjer deg som har interesse for pleie- og omsorgsfaget. Stillingane inneber fortrinnsvis arbeid annan kvar helg. Svelgen omsorgssenter stod ferdig i 2016 og er eit moderne, lyst og tilrettelagt omsorgssenter. Her bur pasientane i trivelege omgjevnader, og medarbeidarane har ein arbeidsplass som legg til rette for både kvalitet og trivsel. Arbeidskvardagen hos oss er variert og lærerik, og du får jobbe saman med erfarne og dyktige kollegaer. Senteret har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og ulike hjelpebehov. Vi har også eit lindrande rom. Dette er ei god moglegheit for deg som ønskjer erfaring, utvikling og eit meningsfylt helgearbeid. Arbeidsoppgåver Som helsefagarbeidar hos oss vil du få ei variert og meiningsfull rolle. Du vil mellom anna: Arbeide med ei brei pasientgruppe med ulike medisinske behov Gi heilskapleg omsorg og ivareta individuelle behov Mogelegheit til å delta i ressursgrupper innan t.d. rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft Bidra til dokumentasjon, rettleiing og undervisning Samarbeide tett med kollegaer på tvers av avdelingar Kvalifikasjonar Vi søkjer deg som: har erfaring frå pleie og omsorg gjerne er ferdig utdanna, eller under utdanning innan helse- og sosialfag Personlege eigenskapar Vi ønskjer oss ein motivert, fagleg engasjert og sjølvstendig medarbeidar som trivst med menneske og ønskjer å bruke faget til det beste for pasientane våre. Pasientane har ulike medisinske behov, og du må difor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar. Personleg eignaheit blir vektlagt. Vi tilbyr Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her: Hjelp til å finne bustad og barnehageplass Gratis barnehage Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år. Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner) Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du: Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid Rekrutteringstilskot til helsefagarbeidar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet. Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale Senioravtale for tilsette over 62 år Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! KontaktinformasjonHilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310 ArbeidsstadGranden 1 6723 Svelgen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5140004859 Stillingsprosent: 25% Fast Startdato: 01.08.2026 Søknadsfrist: 02.07.2026 Om arbeidsgiveren: Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve? Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute. Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no !