Now hiring

Helsesekretær @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK

Norway (NO0A3)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du ein positiv og arbeidssam person som trivst med å arbeide i eit team? Vi ved gynekologisk poliklinikk har ledig eit 6,månadsvikariat. Vi ynskjer ein positiv og løysningsorientert person til oss. Dersom du har kjennskap til Helseplattformen så er det ein fordel. Vi er ein kjekk arbeidsplass og ynskjer oss no eit nytt tilskot. Ynskjer du ein variert arbeidsdag innan eit viktig fagfelt så søk hos oss. Her er dyktige gynekologar, ultralydjordmødre, sjukepleiarar, pasientkoordinator og merkantile. Høgare stillingsprosent, eller anna vikariat kan verte ledig. Bli med på laget vårt – vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Vere første kontakt med pasientane våre Fylle opp/ flytte og avlyse timar i poliklinikken Ha oversikt over aktiviteten på poliklinikken Lage malar i helseplattformen Oversikt over arbeidslister og rapporter Bestille tolk Oppfølging av post, chat Samarbeid med andre faggrupper Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsesekretær Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Digitale ferdigheiter Om du kjenner til Helseplattformen er det ein fordel. Personlege eigenskapar Evne til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver Du er positiv og lærevillig Du er ein arbeidssam og engasjert person, utforskande av natur, og alltid klar for nye utfordringar Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! KontaktinformasjonGunnhild Vindvik Nordstrand, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5147210493 Stillingsprosent: 50% Vikariat Søknadsfrist: 06.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores