Now hiring

Matros til hurtigbåt i Stavanger! @ FJORD1 AS

Norway (NO0A1)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fjord1 har no ledig stilling som matros på hurtigbåten MS Sylvarnes i Stavanger. I denne stillinga jobbar du 1-1system. Arbeidsordninga gir høve til å reise heim etter endt vakt, og legg til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid. Dersom du har behov for det, kan vi tilby hybelordning i arbeidsperioden. Rederiet dekker reise til og frå arbeidsstad. Som matros blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald. Hos Fjord1 får du ein trygg og stabil arbeidsplass med ansvar, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Oppstart juni/juli 2026. Vi ansetter fortløpande. Arbeidsoppgåver Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna Oppgåver knytt til alarminstruks Verne- og miljøarbeid Kundehandsaming og sjølvbetjent kiosk Fortøying Kvalifikasjonar Fagbrev som matros eller nok fartstid til å kunne mønstre som matros. Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftleg Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund. Reise til og frå arbeidsperioden blir dekke av arbeidsgjevar. Flotte hybelar rett ved kaien Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar. Vi tilbyr gode ordningar og legg til rette for utvikling for deg som ønsker å ta steget vidare. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår. KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, [email protected] ArbeidsstedFiskepiren 1 4013 Stavanger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 AS Referansenr.: 5147787672 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.07.2026 Om arbeidsgiveren: Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten. Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter. Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores