About this role
Vi treng deg med på laget! Vi søkjer deg som ynskjer å bidra til ein trygg kvardag med fokus på ivaretaking av heilhetlige behov, brukarmedverknad og omsorg til bebuarane. Eininga har årsturnus og du medverkar til eigen turnus. Du kan velje mellom langvakter og ordinære vakter i vekedagane og på helg. Nissedal omsorgssenter har høgaste omsorgsnivå, med heildøgns pleie- og omsorgstenestar. Per i dag er det 12 langtidsplassar, fordelt på skjerma og somatisk avdeling. Nissedal kommune tilbyr individuelt tilpassa opplæringsløp og oppfølging til ufaglærte som ynskjer å ta fagbrev på jobb og binde seg til 2 år etter endt utdanning. Arbeidsoppgåver Pleie og omsorg til bebuarane Imøtekomme bebuarar og pårørande Målretta miljøtiltak Observasjon av helsetilstand og iverksetting av helsefremjande tiltak Dokumentasjon i gjeldande journalsystem Primæroppgåver Medikamenthandtering Kvalifikasjonar Autorisert helsefagarbeidar/hjelpepleiar Ufaglærte kan bli vurdert dersom ein binder seg til eit studieløp med mål om å bli helsefagarbeidar innan 4 år og med bindingstid på 2 år Det er ønskjeleg med erfaring/vidareutdanning innan demensomsorg, men dette er ikkje eit krav God munnleg og skritlig kommunikasjonsevne Beherske norsk munnleg og skritleg God på relasjonsbygging Medansvarleg til å utvikle og bevare gode tenestar, samt arbeidsmiljø Fleksibel og løysingsorientert Høg arbeidsmoral Personlege eigenskapar Me søkjer etter deg som er: Positiv og behandlar pasientar, pårørande og kollegaer med respekt Motivert for å jobbe i fagfeltet Samarbeidsvillig, samtidig som du kan jobbe sjølvstendig og takle utfordrande situasjonar samstundes som du har gode arbeidsevner Nytenkande og medansvarleg for å utvikle og bevare gode tenestar og eit godt arbeidsmiljø Trivst med varierte arbeidsoppgåver Stabil og har høg arbeidsmoral Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr Spanande stilling med moglegheit for fagleg og personleg utvikling Naudsynt opplæring Dedikerte og fagleg dyktige kollegaer Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement Helsefagarbeidarar får tilbud om ulike kompetansehevande tiltak gjennom Fagskular og andre KontaktinformasjonEline Metveit, Avdelingsleiar for institusjonstenester ArbeidsstadSollivegen 2 3855 Treungen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune Referansenr.: 5150350904 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026 Om arbeidsgiveren: Nissedal – der gode liv levast Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø. Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt. Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast. Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25. Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav. Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.