Now hiring

Fast 80% stilling som sjukepleiar på Nissedal omsorgssenter @ NISSEDAL OMSORGSENTER

Norway (NO094)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du vår neste kollega? Nissedal omsorgssenter søkjer etter ein sjukepleiar som ynskjer å bidra til ein trygg kvardag med fokus på ivaretaking av heilhetlige behov, brukarmedverknad og omsorg til bebuarane og pårørande. Eininga har årsturnus og du medverkar til eigen turnus. Du kan velje mellom langvakter og ordinære vakter i vekedagane og på helg. Nissedal omsorgssenter har høgaste omsorgsnivå, med heildøgns pleie- og omsorgstenestar. I dag er det 12 langtidsplassar, fordelt på skjerma og somatisk avdeling. Arbeidsoppgåver Pleie og omsorg til bebuarane Imøtekomme bebuarar og pårørande Målretta miljøtiltak Observasjon av helsetilstand og iverksetting av helsefremjande tiltak Dokumentasjon i gjeldande jousnalsystem Medikamenthandtering Legevisitt Oppgåver knytt til ansvar som primærsjukepleiar Kvalifikasjonar (overskrift) Autorisert sjukepleiar Det er ønskjeleg med erfaring/vidareutdanning innan demensomsorg, men dette er ikkje eit krav God munnleg og skriftlig kommunikasjonsevne Beherske norsk munnleg og skritleg God på relasjonsbygging Medansvarleg til å utvikle og bevare gode tenestar, samt arbeidsmiljø Fleksibel og løysingsorientert Høg arbeidsmoral Me søkjer deg som er: - Positiv og behandlar pasientar, pårørande og kollegaer med respekt - Motivert for å jobbe i fagfeltet - Samarbeidsvillig, samtidig som du kan jobbe sjølvstendig og takle utfordrande situasjonar samstundes som du har gode arbeidsevner - Nytenkande og medansvarleg for å utvikle og bevare gode tenestar og eit godt arbeidsmiljø - Trivst med varierte arbeidsoppgåver - Stabil og har høg arbeidsmoral 10 års inngangsansiennitet Spanande stilling med moglegheit for fagleg og personleg utvikling, vi har stort fokus på kompetanseutvikling Naudsynt opplæring Dedikerte og fagleg dyktige kollegaer Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement KontaktinformasjonEline Metveit, Avdelingsleiar for institusjonstenester ArbeidsstadSollivegen 2 3855 Treungen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune Referansenr.: 5150330008 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026 Om arbeidsgiveren: Nissedal – der gode liv levast Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø. Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt. Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast. Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25. Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav. Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores