Now hiring

Overlege Allmenn døgnbehandling Kronstad DPS @ HELSE BERGEN HF KRONSTAD DPS KRONSTAD DØGNBEHANDLING

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å vidareutvikle ein travel og spennande akuttseksjon saman med andre spesialistar? Vi skal styrke overlegedekninga ved vår allmennpsykiatriske døgnseksjon og vi håper du vil nytte denne sjansen til å søke på stillinga. Allmennpsykiatrisk døgnseksjon ved Kronstad DPS har ei sentral rolle innan akuttbehandlinga i divisjon Psykisk helsevern i Helse Bergen. Seksjonen har 20 døgnplassar og gir tilbod om korte målretta opphald, både akutt og elektivt. Seksjonen tar imot pasientar frå kommunehelsetenesta, eige DPS og frå Psykiatrisk klinikk. Miljøpersonalgruppa består av erfarne og engasjerte sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionom som arbeidar i team rundt den einskilde pasient. Seksjonen er for tida bemanna med tre overlegar, psykologspesialist, psykolog, LIS og turnuskandidat. Vi ønsker å utvide til fire overlegar. Kronstad DPS er delt inn i ulike seksjonar, med behandling på døgnpost og/eller poliklinisk. Den polikliniske verksemda går føre seg ved to store allmennpoliklinikkar, ved gruppeeininga og i akuttteamet vårt (seksjon for akutte tenester). Overlegane ansatt ved Allmenn døgnavdeling bistår Sekjon for akutte tenester (SAT) med lege Arbeidsoppgåver Utgreiing, fastsetting av diagnose og behandling av tilviste pasientar. Undervisning og rettleiing av utdanningskandidatar og personale i kommunehelsetenesta Medisinsk og spesialistfagleg ansvar i døgnseksjon Kvalifikasjonar Spesialist i psykiatri Norsk autorisasjon Søkar må meiste norsk munntleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du må vere arbeidsam, ha gode samarbeidsevner og kunne bidra til godt arbeidsmiljø Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team Engasjert og fleksibel med interesse for tverrfagleg tilnærming i pasientbehandlinga Det vil bli lagt vekt på at søkar er personleg eigna til stillinga Vi tilbyr Triveleg arbeidsmiljø og gode kollegaer Høgt fagleg nivå mellom dei tilsette Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver Anledning til å delta i vidareutvikling av Kronstad DPS Fordjupingsdagar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonUrd Hege Loftesnes, Seksjonsleiar, 55956201, [email protected] Marit Bjørheim, Seksjonsoverlege, 55956000, marit.bjorheim,@helse-bergen.no Lars Onsrud, Klinikkoverlege, 55956000, [email protected] ArbeidsstadFjøsangerveien 36 5053 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5147133262 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores