About this role
Kronstad DPS seksjon psykose døgn har ledig 50 % fast stilling på natt med arbeid pt. kvar 3. helg. Kronstad psykose døgnbehandling er ein open døgnseksjon. Vi tilbyr behandling og utgreiing av kortare varigheit for pasientar over 18 år med psykoseliding. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Det er 12 sengeplassar. I behandlargruppa har vi psykiatrar, psykologspesialist, legar i spesialisering og sosionom. Vi tilbyr mellom anna: Kognitiv miljøterapi Psykoedukasjon/undervising Medikamentell behandling Fysisk aktivitet Fysioterapi, bileteterapi og musikkterapi Som tilsett på natt går du saman med ein annan fagperson. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø beståande av engasjerte og erfarne miljøterapeutar som trivast på natt. Vi arbeider i team rundt og saman med pasienten, med utgangspunkt i samarbeid i ein seksjon med åpne dører. Er du sjukepleiar eller vernepleiar, trivast med nattarbeid og har engasjement for pasientgruppa håper vi at du vil søker stilling her hos oss. Arbeidsoppgåver Medverke til å skape trygge rammer for pasientane Observere, kartleggje og dokumentere Medikamenthandtering Ansvarsvakt Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Erfaring frå pasientgruppa/anna relevant erfaring Gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter Må meistre norsk både munnleg og skriftleg Ønskeleg med kompetanse innan møte med aggresjonsproblematikk (MAP) Personlege eigenskapar Interesse for målgruppa Ansvarsbevisst Evne til fleksibilitet, og til å kunne bidra til gode løysingar Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga Vi tilbyr Godt fagleg miljø Erfarne og engasjerte kollegaer Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Turnus med arbeid pt. kvar 3. helg Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift) Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering. KontaktinformasjonHilde Steinli, Spesialsjukepleiar, +47 55956300 ArbeidsstadFjøsangerveien 36 5053 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5150586548 Stillingsprosent: 50% Fast Søknadsfrist: 20.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.