Now hiring

Helsesekretær/ sekretær @ HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS

Norway (NO0A2)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Medisinsk serviceseksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% vikariat som helsesekretær/sekretær i perioden 01.08.2026 - 31.03.2027 Er du ein person som held oversikta når det skjer mykje rundt deg? Vi ser etter ein helsesekretær/sekretær som skapar struktur, yter god service og bidreg til gode opplevingar for pasientane våre. Medisinsk serviceseksjon har ca. 30 tilsette som utfører sekretæroppgåver for dei kliniske avdelingane i medisinsk klinikk: hudavdeling, medisinsk avdeling, avdeling for barn og unge, nevrologisk, revmatologisk, kreftavdeling og fysikalsk medisinsk poliklinikk. Vi ser fram til å høyre frå deg. Send oss søknad med oppdatert CV. Arbeidsoppgåver Arbeid i elektronisk pasientsystem (DIPS Arena) Pasientservice og mottak av pasientar Timebestilling for poliklinikk, sengepost og ventelister Handtering av telefonhenvendelsar og administrativ oppfølging Anna pasientadministrativt og pasientretta førefallande arbeid Kvalifikasjonar Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø Spennande og utfordrande jobb Meningsfullt arbeid som gir høve til personleg utvikling Personlege eigenskapar Du er serviceinnstilt og møter pasientar, pårørande og kollegaer på ein profesjonell og imøtekommande måte. Du arbeider strukturert og nøyaktig, og held oversikt også i periodar med høgt arbeidstempo. Du er sjølvstendig, ansvarsmedviten og tek eigarskap til eigne arbeidsoppgåver Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst med å arbeide i tverrfaglege team. Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø Spennande og utfordrande jobb Meningsfullt arbeid som gir høve til personleg utvikling Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonBelvira Omic, Seksjonsleiar, +47 995 91 403 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5144546545 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 19.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores