About this role
Er du opptatt av menneske, struktur og presisjon og ønskjer å vere ein nøkkelperson i å sikre gode prosessar for våre tilsette. Då er du den vi leitar etter. Vi har ledig 100% konsulentstilling. Stillinga inngår i Fellestenesta i kommunen som er ei avdeling med ansvar for løn, HR, rekneskap, arkiv, fakturering, sentralbord/resepsjon og andre adm. funksjonar. Fellestenesta har 7 årsverk og blir leia av organisasjonssjef. Arbeidsoppgåver - Vere ein støttefunksjon for kommunen sine leiarar på ulike administrative arbeidsoppgåver - Utlysing av stillingar / systemansvarleg for kommunen sitt rekrutteringsystem - Utarbeiding av arbeidsavtaler - Refusjon sjukepengar - Saksbehandling kring frikjøp/permisjonar tillitsvalte - Saksbehandling barnehageopptak - Valmedarbeider - Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga Kvalifikasjonar - Relevant utdanning innan HR, personaladministrasjon, økonomi eller tilsvarande. Lang erfaring innan relevante arbeidsområde kan oppvege for manglande formalkompetanse. Personlege eigenskapar - Kan arbeide sjølvstendig og systematisk - Bidreg til eit godt arbeidsmiljø - Er initiativrik, løysingsorientert og trivast med å styre eigen kvardag - Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner - Kan prioritere mellom arbeidsoppgåver i ein travel kvardag - Har gode digitale kunnskaper Vi tilbyr - Ei spennande stillling med varierte arbeidsoppgåver - Opplæring/innføring i arbeidsoppgåvene - God pensjonsordning - 10 års inngangsansiennitet og eige ansiennitetssteg på 22 år - Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement KontaktinformasjonJarle Bruun Olsen, Økonomisjef, 35048403 ArbeidsstadTreungvegen 398 3855 TREUNGEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune Referansenr.: 5148044749 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.08.2026 Om arbeidsgiveren: Nissedal – der gode liv levast Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø. Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt. Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast. Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25. Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav. Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.