About this role
Vil du vere med og vidareutvikle ein liten kommune med store ambisjonar? Nissedal kommune søkjer ein tydeleg og utviklingsorientert organisasjonssjef. Stillinga skal bidra til å styrke leiing, samordning og organisasjonsutvikling i kommunen. Som organisasjonssjef vil du vere ein nøkkelperson i arbeidet med å utvikle gode strukturar, styrke leiarskap og sikre effektiv drift i ein organisasjon der kort veg frå idé til handling er eit stort fortrinn. Du rapporterer til kommunedirektøren og inngår i kommunedirektøren si leiargruppe. Arbeidsoppgåver Som organisasjonssjef vil du ha eit overordna ansvar for å styrke kommunen sine interne funksjonar og utvikle organisasjonen. Sentrale oppgåver vil vere: støtte kommunedirektøren i heilskapleg leiing og strategisk utvikling ansvar for HR og organisasjons-og kompetanseutvikling vidareutvikle leiarskap og leiarstøtte i organisasjonen sikre gode system for internkontroll, kvalitet og etterleving av lovverk bidra til effektiv samordning på tvers av einingar delta i, og i periodar leie, utviklings- og omstillingsprosessar koordinere arbeid knytt til samarbeid, rapportering og sentrale styringsprosessar vere ein pådrivar for forbetring, digitalisering og gode arbeidsprosessar Organisasjonssjefen vil vere kommunen sin folkehelsekoordinator Oppgåvene vil kunne utvikle seg i takt med kommunen sine behov. Kvalifikasjonar Vi søkjer deg som har: relevant høgare utdanning (minimum bachelor, gjerne master) erfaring frå leiing, organisasjonsarbeid eller offentleg forvaltning god forståing for offentleg regelverk og kommunal verksemd erfaring med HR, organisasjonsutvikling eller kvalitetsarbeid god munnleg og skriftleg framstillingsevne For kandidatar med særleg relevant erfaring kan delar av kvalifikasjonskrava fråvikast. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein trygg og relasjonssterk leiar som: har god gjennomføringsevne og evne til å skape framdrift er strukturert og analytisk, men også løysingsorientert bygger gode relasjonar og skaper tillit i organisasjonen evnar å sjå heilskap og samanhengar er utviklingsorientert og trivst med endring og forbetringsarbeid kommuniserer tydeleg og involverande Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi tilbyr Hos oss får du ein sentral posisjon i utviklinga av Nissedal kommune. Vi tilbyr: ei strategisk rolle tett på kommunedirektøren store moglegheiter til å påverke organisasjon, leiing og retning eit handlingsrom der du raskt ser resultat av eige arbeid korte linjer, høg grad av tillit og tett samarbeid eit engasjert og kompetent arbeidsmiljø gode pensjons- og forsikringsordningar lønn etter avtale KontaktinformasjonSverre Sæter, Kommunedirektør, +47 35048402 ArbeidsstadTreungvegen 392 3855 Treungen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune Referansenr.: 5148230607 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.08.2026 Om arbeidsgiveren: Nissedal – der gode liv levast Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø. Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt. Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast. Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25. Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav. Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.