About this role
Om stillinga Seksjon for etterforsking av organisert kriminalitet, avsnitt for menneskehandel, har ledig ei fast stilling som politioverbetjent med rolle som politifagleg etterforskingsleiar (PEL). Seksjonen er organisert under felles eining for etterretning og etterforsking (FEE) og består av tre avsnitt: avsnitt for etterforsking av organisert kriminalitet, avsnitt for etterforsking av menneskehandel og avsnitt for metodebruk. På seksjon for etterforsking av organisert kriminalitet har vi ansvar for fagleiing og etterforsking av organisert kriminalitet og andre høgt prioriterte saker. Vi forvaltar også bruken av skjulte metodar i politidistriktet. I vårt forebyggande arbeid samhandlar vi med andre private og offentlege aktørar. Hovudoppgåvene på avsnitt for etterforskning av menneskehandel er førebygging og etterforsking av menneskehandel og hallikverksemd. PEL på avsnittet er ansvarleg for at etterforskinga gjennomførast i tråd med dei til ei kvar tid gjeldande faglege standardar og anerkjente etterforskingsmetodar, og skal bidra til at etterforskinga held påkravd kvalitet. Stillinga er plassert i Bergen. Noko reiseverksemd kan krevjast i periodar. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggja og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald gjev betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter deg som har initiativ, pågangsmot og analytisk evne til å initiere etterforsking med etterretning som grunnlag for avgjerd. Du må ha tolmod til å leie grundige etterforskingar, halde deg oppdatert på den faglege utviklinga innan etterforsking og rettleie medarbeidarar i deira produksjon. Du må kunne veksle mellom sjølvstendig etterforskingsarbeid og å leie andre. Samstundes må du ha evne til å stille om raskt ved behov. Du må kunne leie aksjoner der fleire einingar samhandlar og ein arbeider under tidspress. Du må kunne bidra inn i både førebygging og etterretningsproduksjon innanfor fagfeltet og ha eit ønske om å opparbeide deg god kunnskap om organisert kriminalitet og menneskehandel. Som PEL ventes det av deg at du har høg etisk standard, tar ansvar, samarbeider godt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i eininga. Arbeidsoppgåver Ha saksansvar, leie og delta i gjennomføringa av den politifaglege etterforskinga i både skjult og open fase Saman med påtaleansvarleg prioritere etterforskingsskritt i straffesaker og utarbeide etterforskingsplanar Sørgje for at relevant spesialistkompetanse vert nytta i etterforskinga ved behov Bidra til god kvalitet og resultatoppnåing i eigen seksjon Yte fagleg rettleiing og bidra til systematisk erfaringslæring innan fagområdet Yte råd og rettleiing til dei geografiske driftseiningane i konkrete saker som ein ikkje har saksansvaret for Bidra i etterforskings-KO ved behov Helgeturnus ved felles straffesaksinntak Gje undervisning og opplæring, samt halde foredrag både internt og eksternt innan fagfeltet Sørgje for god samhandling internt og eksternt Andre oppgåver pålagt av overordna Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: Vitnemål frå Politiskule/Politihøgskule Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeida innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor eller mastergrad kan heile eller deler av kvalifikasjonskravet fråvikast Godkjent som AOP, eller villig til å gjennomføre opplæring God munnleg og skriftlege framføring på norsk og engelsk Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju Det er også ønskjeleg med: Brei politifagleg erfaring Erfaring og/eller utdanning innan leiing av etterforsking Kjennskap til menneskehandel som fenomen Erfaring med bruk av skjulte etterforskingsmetodar eller vidareutdanning i dette Erfaring frå arbeid med førebygging og etterretning eller vidareutdanning i dette God kunnskap om aktuelt lovverk God IT-og systemkunnskap, erfaring med bruk av indicia som prosjektstyringsverktøy og analyseverktøy for gjennomgang av digitale beslag Personlege eigenskapar Mål- og resultatorientert med evne til å prioritere, ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne Gode leiareigenskapar med evne til å koordinere innsats og motivere medarbeidarar Fleksibel, kreativ og omstillingsdyktig Sterk relasjonsbyggjar med god evne til å rettleie og formidle kunnskap til andre Samfunnsorientert med evne til å tenkje heilskap og forstå eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her . Dette kan vi tilby om du vel oss Stillinga vert lønna som politioverbetjent med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar (stillingskode 0287) med årslønn frå kr 840.000,- per år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi Gode arbeidsvilkår og et inkluderende arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling