Now hiring

Assistent på helg @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har DU lyst til å bli vår nye kollega på helg? Er du student innan helsefag eller har du helsefagleg utdanning? Avdeling spesialisert psykosebehandling, Seksjon S4 er ein lukka psykosepost med 12 senger lokalisert til Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar. Vi jobbar i team saman med psykiater, psykolog, sosionom og milijøpersonell rundt kvar pasient. Vi jobbar tett saman med behandlingsaparatet ute for å sikre ein god og rask utskriving til eigen bustad eller anna behandlingstilbod. Psykiatrisk klinikk har som ambisjon og vere eit fyrtårn i psykisk helsevern. Kvalitet i behandling, pasientryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. Vi har no ledige 18% faste stillingar som assistent på helg med arbeid pt. kvar 3. helg. Kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen. Arbeidsoppgåver Fokus på å skape gode relasjonar til pasientane og gje god miljøterapautisk omsorg Gje pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga Tverrfagleg teamarbeid Observere og dokumentere Praktisk arbeid Kvalifikasjonar Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg Vi ønsker at du har helsefagleg utdanning/studieretning Søkarar må vere over 21 år Personlege eigenskapar Du er punktleg og påliteleg Du har god kompetanse på mellommennskelege forhold Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk er imøtekomande og viser respekt Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du må vere personleg eigna til arbeidet Du må vere i stand til å ta imot rettleiing og følge avdelinga sine retningslinjer Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og stolte medarbeidarar Relevant opplæring Kursing i MAP (Møte med Aggresjons Problematikk) Høgt fagleg nivå Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.KontaktinformasjonJune Bønæs Nødtvedt, Seksjonsleiar, 55958848 Mari Strømmen, Ass. seksjonsleiar, 55958847 ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5148211520 Stillingsprosent: 18% Fast Søknadsfrist: 12.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores