About this role
Vi lyser ut ei ledig fast psykiaterstilling og søker ein engasjert medarbeidar som vil bidra til å vidareutvikle tilbodet vårt ved DPS poliklinikk for psykisk helsevern i Ålesund! Poliklinikken består av sju behandlarteam. Eit gruppebehandlingsteam, eit ROP team og fire til dels spissa allmennteam. Vi har også eit nyoppretta Tidleg Avklaringsteam som møter pasientar tidleg etter henvisning og tilbyr fleksibel oppfølging i etterkant. Allmennteama våre består av to generalistteam, eit traumeteam og eit nevropsykiatrisk team. Vi har stor bredde innan behandlingstilnærmingar. I haust starta vi prosessen med å utvide tilbodet vårt med B4DT (fire dagers behandling for angstlidingar). Poliklinikkane innan psykisk helsevern i Helse Møre og Romsdal, har dei siste ni månadane prøvd ut Kunstig Intelligens til hjelp i journalskriving. Med gode erfaringar. Vi har 15 spesialistar innan psykologi og psykiatri, der 6 er spesialistar i psykiatri. VI har i tillegg to LIS legar i rotasjon i poliklinikken. Som overlege vil ein i hovudsak vere knytta til eit team, samstundes som ein deltek i poliklinikkens ansvar for rettleiing av LIS legar og inntaksarbeid i samarbeid med andre spesialistar. Stillinga er i eit allmennteam. Arbeidsoppgåver Utredning, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar Deltaking i inntaksarbeid, i samarbeid med andre spesialistar Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter Medisinvurderingar av teamets pasientar ved behov Samarbeid med medarbeidarar i poliklinikken og øvrige einingar i DPS Deltaking i klinikken si vaktordning og oppfølging av pasientar på TUD Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege og inneha norsk autorisasjon som psykiater Må beherske norsk skriftleg og munnleg Erfaring frå poliklinisk arbeid LIS kan òg søkje dersom det er mindre enn 6 mnd til forventa sluttført utdanning Personlege eigenskapar Du har ei positiv innstilling til nye arbeidsformer innan psykiatri/ psykisk helsevern Du har evne til å sette pasienten sitt behov i fokus Du er fleksibilitet kring arbeidsoppgåver Du har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Eit fagmiljø som vil utvikle framtidas helseteneste Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonHåvard Helgesen, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5048829812 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal