Now hiring

Helgestilling for sjukepleiestudentar i Korttidsposten @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Korttidsposten er ein heildøgnsdreve eining i Mottaksklinikken med 20 senger. Posten har tverrfaglege team med legar og sjukepleiarar som tar i mot pasientar som har forventa kort liggetid. Pasientane har mange ulike diagnosar innan dei fleste medisinske fagområda og dei tilsette har brei fagleg kompetanse. Vi har eit aktivt og spennande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver og stor gjennomstrømming av pasientar heile døgnet. Starttidspunkt for stillingane etter nærare avtale. Arbeidsoppgåver Oppgåver for assistent i pleie Hjelpe pasientane med personleg pleie Ansvar for matservering og skyljerom Samarbeide med sjukepleiar i utføring av pleieoppgåver Tverrfagleg samarbeid i og utanfor avdeling Gje god omsorg for pasient og dei pårørande Kvalifikasjonar Vi søker etter kandidatar som har påbyrja studie innan sjukeple Ønskeleg med relevant sjukehuserfaring Personlege eigenskapar Pasientorientert Sjølvstendig Fleksibel Gode kommunikasjonsevner Ha respekt for den enkelte pasient Engasjert Vere ein god teamarbeidar Må trivast i eit aktivt og travelt miljø Vi tilbyr Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Frida solheim Haugsvær, Seksjonsleiar, [email protected] Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5149417412 Stillingsprosent: 20% Fast Startdato: 17.08.2026 Søknadsfrist: 08.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores