About this role
Er du klar for nye utfordringar i ein spennande HR-kvardag? Vi i Helse Førde ser etter ein engasjert og lærevillig kollega til eit vikariat som konsulent i HR - løn og personell i perioden 15.08.2026- 31.12.2027. Hos oss får du moglegheit til å jobbe i eit fagmiljø som er både utviklande og meiningsfullt – midt i hjartet av helsevesenet! Om stillinga Løn og personell er ein av fire seksjonar i HR-avdelinga i Helse Førde, og består i dag av 11 tilsette. Vi har eit nært samarbeid med dei andre seksjonane i HR, samt med dei andre føretaka i Helse Vest. Vår hovudoppgåve er å sørge for at alle tilsette i Helse Førde får rett lønn til rett tid. I tillegg har vi systemansvar og brukarstøtte for m.a EveryOne (kontraktshandtering) og Webcruiter (rekruttering). Arbeidet skjer i nært samarbeid med leiarar og stabsfunksjonar på tvers av avdelingar og klinikkar. Vi held opplæring i ulike HR-system og gir støtte i løns- og personalspørsmål. Er du nyutdanna innan økonomi eller personal? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Du vil få grundig opplæring og god støtte frå første dag. Velkommen til Helse Førde! Arbeidsoppgåver Brukarstøtte og opplæring av leiarar i personalarbeid Registrere, kontrollere og kvalitetssikre lønns- og personaldata Vere kontaktperson for eigne avdelingar og yte støtte og rettleiing ved behov Følgje opp lønns- og personalrelaterte spørsmål frå leiarar og tilsette i Helse Førde Brukarstøtte tilsette i Helse Førde Kvalifikasjonar Ønskjeleg med utdanning innan økonomi eller personal. Erfaring kan kompensere for formalkompetanse Gode IKT-kunnskaper Ønskjeleg med erfaring frå lønns- og personalarbeid God rekneskaps- og økonomiforståing Det er ein fordel dersom ein kjenner til løns- og personalsystemet UBW Personlege eigenskapar Strukturert, sjølvstendig og nøyaktig Fleksibel, samarbeidsvillig og serviceinnstilt Engasjert og oppteken av kunnskapsdeling Lærevillig Vi tilbyr Spennande arbeidsoppgåver og utfordringar Fleksibel arbeidstid, der ein i stor grad planlegg eigen arbeidsdag Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift) Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Bodil Ness Bauge, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 024 Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5149294888 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 26.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.