About this role
H ospitalsdrift Matforsyning har ansvaret for matservering til pasientar. Til dette treng vi flinke og framoverlente matvertar og har ledig følgande stillingar: 100% fast stilling, turnus dag/kveld og fast arbeid pt. kvar 3 helg. Matvert må pårekne å arbeida i alle matstovene våre. Aktuelle kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen. Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar. Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komme i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 22 spisestuer. Arbeidsoppgåver Bestilling av varer og måltid digitalt Førebuing og anretting av frukost, lunsj, middag og kvelds i buffé Tilrettelegging og levering av måltid Oppfølging av diettar og spesialkost i samarbeid med avdelingane Påfylling av drikkstasjonar og kuvertar i matstover Oppvask, rydding og reinhald av bord, diskar og kjøkkenutstyr Kontroll og registrering av temperaturar i samsvar med IK-mat rutinar Klargjering av mat til neste dag Handtering av avfall og tekstil i tråd med gjeldande rutinar Bidra til eit hyggeleg måltids miljø for pasientane Kvalifikasjonar Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå Erfaring frå kjøkken/kantine Kjennskap til IK-mat Gode IT-kunnskapar Matfagleg interesse Fagbrev som kokk er ønskeleg Personlege eigenskapar Serviceinnstilt og imøtekommande Evne til å skapa ein hyggeleg atmosfære for pasientane. Vere vennleg, tolmodig og ha eit smilande vesen Gode kommunikasjonsferdigheiter Kunne kommunisera klart med pasientar, kollegaer og anna helsepersonell Lytta aktivt for å forstå behova og ønska til pasientane Empati og omsorg Vise forståing for situasjonen til pasientane og tilpassa seg individuelle behov Ha respekt for ulike kulturar, kosthald og helsetilstandar Fleksibilitet og tilpassingsevne Takle varierte arbeidsoppgåver og skiftande rutinar Vere komfortabel med turnusarbeid (dag/kveld og helg) Nøyaktigheit og struktur Sørge for korrekt bestilling, anretning og hygiene Følge rutinar for mattryggleik og kvalitet Initiativ og sjølvstende Ta ansvar for oppgåver utan å måtte bli instruert heile tida Vere løysingsorientert når utfordringar oppstår Samarbeidsevne Jobbe godt i team med andre matvertar og kjøkkenpersonell Bidra til eit positivt arbeidsmiljø Fysisk uthald Takle eit aktivt arbeid med mykje rørsle, rydding og oppvask Ha god helse til å stå og gå store delar av dagen Interesse for mat og ernæring Ha forståing for betydninga av ernæring i pasientbehandling Vere opptatt av å presentere maten på ein appetittvekkande måte Gode kommunikasjonsferdigheiter Tydeleg og vennleg dialog med pasientar og kollegaer Vi tilbyr Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN" Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Høgt fagleg nivå Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonÅge Nilsen, Driftskoordinator , 55974536 Arve Haga, Seksjonsleiar, 55977474 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5148958351 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 12.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.