Now hiring

Konsulent/teknisk tenesteforvalter @ VESTLAND FYLKESKOMMUNE SKYSS

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bidra til å styrke dei digitale løysingane for kollektivtrafikken i Vestland? Skyss skal tilby eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. For å sikre stabile, framtidsretta og kundevenlege løysingar søker vi no etter ein konsulent med sterk interesse for teknologi, data og kollektive transportsystem. Hos Skyss får du arbeide tett på buss, båt og ferje og bidra til tekniske løysingar som kvar dag vert nytta av tusenvis av reisande. Arbeidsoppgåver Hos oss vil du ha ei sentral rolle i forvaltning og vidareutvikling av tekniske system knytt til kollektivtrafikken i Vestland. Stillinga inneber tett samarbeid med operatørselskap, leverandørar og interne fagmiljø, og krev både teknisk forståing og god innsikt i kundeorienterte løysingar. Du vil også delta i oppdrag ute i felt, mellom anna knytt til buss, båt, ferje, haldeplassar og terminalar. I rolla som teknisk tenesteforvalter vil sentrale oppgåver vere: Forvaltning og teknisk oppfølging av Skyss sine system og tenester innan kollektivtransport Oppfølging av bussrelatert teknologi, inkludert IT-system i buss og teknologi i kjøretøy Forvaltning og vidareutvikling av sal- og billettløsyingar Arbeid med datakjelder og tekniske løysingar knytt til IoT og sensordata, signaldata frå buss og infrastruktur, meldingsbaserte løysingar og protokollar (t.d. MQTT) Samarbeid med operatørar og leverandørar om tekniske løysingar Rolle som superbrukar for kunde- og reiseorienterte system Teknisk oppfølging av haldeplassar og terminalar Bruk av IKT-verktøy til dokumentasjon, feilsøking og rapportering Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har fag-/sveinebrev eller 3-årig universitets-/høgskuleutdanning innan relevante fagområde, til dømes IT, automasjon, teknologi eller tilsvarande. førarkort klasse B Det er i tillegg ønskeleg at du har god kjennskap til buss og teknologi i buss (gjerne med erfaring frå ITxPT-standardar) erfaring med sal- og billettløysingar kjennskap til automasjon, loT-løysingar og sensorbaserte system erfaring med bruk av IKT-verktøy i teknisk forvaltning Personlege eigenskapar Vi treng deg som er serviceinnstilt og har fokus på brukarar og kundar samarbeider godt og kommuniserer tydeleg med både tekniske og ikkje-tekniske miljø arbeider strukturert, sjølvstendig og er løysingsorientert er fagleg nysgjerrig og interessert i teknologi trivst med varierte oppgåver og arbeid både på kontor og ute i felt Vi tilbyr Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad Eit tverrfagleg og engasjert arbeidsmiljø Moglegheit for å utvikle seg fagleg Fleksibel arbeidstidsordning Lønn etter avtale Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår Andre opplysningar: Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort. KontaktinformasjonFrode Endresen, leiar faggruppe drift og forvaltning mobilitetsteknologi, 91107259, [email protected] ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5091807070 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.07.2026 Om arbeidsgiveren: Om Skyss Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke. Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal. Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 6 milliardar kroner. Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores