Now hiring

Leiar stab @ VESTLAND FYLKESKOMMUNE SKYSS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og skape samanheng mellom strategien til Skyss, styringa og det som skjer i kvardagen? Skyss søkjer ein leiar som kan samle sterke fagmiljø i ei ny avdeling, styrkje avgjerdsprosessane våre og bidra til gode og berekraftige mobilitetstilbod i heile fylket. Arbeidsoppgåver Vi treng ein leiar for den nyoppretta avdeling stab. Her får du ansvar for å vidareutvikle korleis Skyss planlegg, prioriterer og følgjer opp arbeidet sitt. Du skal bidra til at mål, planar og økonomi heng saman, og gi organisasjonen eit godt grunnlag for viktige vegval. Samtidig skal du utvikle arbeidsmåtar som gjer det enklare for fagmiljøa å samarbeide og bruke ressursane godt på tvers. Du vil leie ei avdeling som samlar verksemdstyring, økonomi og administrasjon, kommunikasjon, strategi- og organisasjonsutvikling og leiarstøtte. Du har òg overordna ansvar for intern og ekstern kommunikasjon. Våre tenester er nytta av svært mange, og får stor merksemd. Gjennom kommunikasjonen vår skal vi få fram at Skyss er dyktig, påliteleg og imøtekommande. I denne rolla skal du skape samanheng mellom faglege vurderingar og verksemdsstyring – og formidling vidare til administrativ og politisk styring i fylkeskommunen. Du er ein del av direktøren si leiargruppe og har personalansvar for leiaren av gruppa for økonomi og administrasjon og for dei andre medarbeidarane i staben. Kvalifikasjonar (overskrift) Vi ser etter deg med relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. For å trivast og meistre rolla treng du leiarerfaring og erfaring med verksemdsstyring. Du treng også forståing for korleis økonomi påverkar styring og strategiske prioriteringar. Du har god organisasjonsforståing og interesse for korleis ulike faglege og politiske omsyn verkar saman. Som leiar gir du dyktige medarbeidarar tillit og handlingsrom, samtidig som du er tydeleg på retning og ansvar. Hos Skyss får du arbeide med engasjerte fagmiljø og påverke korleis vi løyser eit samfunnsoppdrag som betyr mykje for innbyggjarar i heile fylket. Andre opplysningar: Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Matae ved Merethe Mæland tlf.908 72 622, Julian Smørdal tlf. 932 29 249 eller direktør i Skyss Målfrid Vik Sønstabø på tlf. 916 53 176. All kontakt med Matae blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen. KontaktinformasjonMatae v/Merethe Mæland, 908 72 622 Matae v/Julian Smørdal, 932 29 249 Målfrid Vik Sønstabø, direktør, 91653176 ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5190321037 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026 Om arbeidsgiveren: Om Skyss Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke. Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal. Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 6 milliardar kroner. Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores