About this role
Om stillinga I Vest politidistrikt, ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø- og arbeidslivskriminalitet, Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet, er det ledig ei fast stilling som spesialetterforskar med funksjon som inndragingsspesialist og fagleiar for finansiell etterforsking. Rolla som inndragingsspesialist er ein del av ei nasjonal satsing, og du vil bli sentral i politidistriktet sin innsats med å inndra utbytte frå kriminalitet. Du vil bidra til å byggje ein betre inndragingskultur i Vest politidistrikt og jobbe for eit overordna mål om at kriminalitet ikkje skal lønne seg. Du vil samarbeide tett med inndragingsjuristen i politidistriktet og inndragings- og forvaltningseininga i Økokrim. I tillegg til rolla som inndragingsspesialist vil du bli fagleiar for finansiell etterforsking på avsnittet. Vi ser etter ein erfaren medarbeidar med spisskompetanse innan etterforsking av økonomisk kriminalitet og som brenn for samfunnsoppdraget til politiet. Fagfeltet vårt er i stadig utvikling, og vi treng ein fagleiar som evnar å utvikle faget i takt med kriminalitetsbiletet. Avsnittet består av etterforskarar med politi- og/eller økonomiutdanning, som arbeider sjølvstendig og i team med dyktige politiadvokatar for å handtere komplekse straffesaker. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer og leiarar, som gjer kvarandre gode og ønskjer å gjere ein forskjell. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet skal vi førebyggje og kjempe mot kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gje deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å kjempe mot profittmotivert kriminalitet og som ønskjer å bidra i eit viktig samfunnsoppdrag. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer me etter deg som til kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane dine og handlingar i det daglege arbeidet. Evna til å vera trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggja tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggja vekt på og dessutan evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver Som inndragingsspesialist skal du: Gje råd og rettleiing i spørsmål og oppgåver knytta til inndraging og sikring av verdiar Medverke til generell kompetanseheving i distriktet gjennom ulike opplærings- og vedlikehaldsprogram i samråd med Fag- og opplæringsansvarleg (FOA) Halde deg oppdatert på kriminalitetsbiletet i distriktet og bidra aktivt i arbeidet med inndraging og finansiell etterforsking Samarbeide med relevante aktørar, til dømes Økokrim. Utføre taktiske etterforskingsoppgaver innan økonomisk kriminalitet, samt i andre saker som er lagt til avsnittet og seksjonen Utføre etterforskingsarbeid med tilrettelegging og utføring av ulike finansielle analysar, både ved økonomiavsnittet og som bistand til andre avdelingar innan andre fagfelt Bistå påtalemakta i retten Som fagleiar finansiell etterforsking skal du i tillegg: Drive fag- og metodeutvikling innan finansiell etterforsking og inndraging på avsnittet, og kvalitetssikre at oppgåvene blir utførte i samsvar med gjeldande lover, reglar og rutinar Byggje og leie eit fagnettverk for finansiell etterforsking i distriktet, og delta i relevante nasjonale fagnettverk Gje råd og rettleiing til politifagleg etterforskingsleiar og påtaleansvarleg i straffesaksarbeid Bidra med faglege råd i samband med porteføljestyringen på avsnittet Utarbeide rapportar og faglege vurderingar innan inndraging og finansiell etterforsking. Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: Utdanning på masternivå innan relevant fagfelt og 5 års relevant erfaring , alternativt utdanning på bachelornivå eller tilsvarande kombinert med relevant videreutdanning og minimum 8 års relevant erfaring Erfaring frå etterforsking av straffesaker i politiet Gode IT- og systemkunnskap med evne til å ta i bruk relevant verktøy som til dømes Excel God munnleg og skriftleg framstilling på norsk Kunnskap om inndraging og sikring av verdiar Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju Det er òg ønskelig med: Erfaring frå opplæring og undervisning Erfaring frå fagleiing innan relevant fagfelt Relevante kurs/etterutdanning Kjennskap til relevant lovverk Personlege eigenskapar Gode kommunikasjonsevner God formidlingsevne Evne til å samarbeide og bygge relasjoner på tvers av fagfelt Strukturert og analytisk Evne til å omstille seg raskt i ein hektisk arbeidskvardag Vi legg vekt på at søkjaren er personleg eigna for stillinga Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her . Dette kan vi tilby om du vel oss Stillinga blir lønna som spesialetterforskar med funksjon som inndragingsspesialist og fagleder finansiell etterforskning (stillingskode 1552) med årslønn frå kr brutto per år. 860.000,- . Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. Kompensasjon for belastande unntak frå arbeidsmiljøloven på kr 44.708,- pr.år kjem i tillegg. Med