About this role
Medisinsk avdeling Ålesund har ledig eit kombinert 100% vikariat med varigheit på eitt år. Stillinga er knytt til Medisinsk poliklinikk, f.t. Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar, og Medisinsk sengepost 2. 80 % av stillinga er ved Medisinsk poliklinikk f.t Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar og 20 % av stillinga er ved medisinsk sengepost 2 med arbeid 3.kvar helg. Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar. Medisin 2 er ein heildøgns sengepost med 24 senger, der ein gir medisinsk behandling og pleie primært til pasientar med sjukdommar innan nefrologi, endokrinologi, infeksjon og gastroenterologi. Vi tar i tillegg imot pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Til poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar kjem pasientar som treng utgreiing og behandling av sjukdommar i lever, bukspyttkjertel, gallevegar og mage- og tarmsystemet. Vi har etablert screeningsenter for tarmkreft og Behovsstyrt oppfølging IBD Som sjukepleiar ved poliklinikken vil du m.a assistere ved gastroskopi og koloskopi. Sjekk ut Instagram: gastromedpol_alesund og medisin2_hmr Vi tilbyr deg som sjukepleiar ein spennande og givande arbeidskvardag, med eit bredt spekter innanfor sjukepleiarfaget, fordelt på poliklinikk og sengepost. Stillinga er ledig frå snarleg for opplæring. Vi har fokus på helsefremjande turnus med minst mulig A/D vaktbelastning. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Arbeidsoppgåver Ved Poliklinikk for mage-tarmsjukdommar: Arbeidoppgåver primært knytt til gastroenterologiske undersøkingar og behandling, samt fellesoppgåver i avdelinga. Ved sengepost: Observasjon og behandling av pasientar i akutt sjukdomsfase og kroniske forløp Dekke pasientens grunnleggjande behov Førebygging av komplikasjonar og ivaretakelse av pasientsikkerheit Gi forsvarleg medisinsk behandling og sjukepleie Utøvelse av god omsorg til pasient og pårørande Delta i seksjonens fellesoppgåver Koordinere tenester i pasientbehandlinga både internt og eksternt Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer Studentrettleiing Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Ønskeleg med kjennskap til fagområdet Du er tydeleg og fagleg sterk Gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg Det er ønskeleg at søknad inneheld informasjon om korleis du ønsker å utvikle deg, og litt om korleis du kan bidra til utvikling av avdelinga Personlege eigenskapar Du evner å arbeide fleksibelt og i eit høgt tempo Du er motivert for varierte arbeidsoppgåver Du ønskjer å utvikle deg fagleg Du er positiv og stolt av sjukepleiaryrket Du har engasjement for pasientane og fagfeltet Du er lærevillig, strukturert og evner å jobbe sjølvstendig Du har gode samarbeidsevner, er reflektert og tilpasningsdyktig Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er teamorientert Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Dyktige og engasjerte medarbeidarar Spennande og varierte arbeidsoppgåver Opplæring av nytilsette Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! KontaktinformasjonAnn-Helen Tryggestad Arthur, Seksjonsleiar, Medisinsk poliklinikk, +47 70105742, [email protected] Marthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost 2, 70105792, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5150748270 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 12.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal