Now hiring

Tilkallingsvikar til Voss sjukehus - sjukepleiar @ HELSE BERGEN HF VOSS SJUKEHUS

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du ha fagleg breidde, tett samarbeid og ansvar – utan å forsvinne i mengda på eit stort sjukehus? På Voss sjukehus er du tett på - både pasientane, kollegaene og det som skjer. Her er me små nok til at du vert sett, og store nok til å gje deg faglege utfordringar. No søkjer me sjukepleiarar som tilkallingsvikarar ved: Medisinsk seksjon Kirurgisk seksjon 👉 Oppgje i søknaden kva seksjon du søkjer, i prioritert rekkjefølgje. Du vil i hovudsak jobbe på sengepost, men erfaring frå poliklinikk eller dialyse er òg relevant. Kvifor velje Voss sjukehus? Lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde og gynekologi Høg aktivitet og variert pasientgrunnlag Tett fagleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus Kort veg frå idè til handling Natur, friluftsliv og kulturliv rett utanfor døra https://www.helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/#les-meir-om-voss-sjukehus Voss er mellom anna kjent for spektakulær natur og eit rikt kulturliv. Er du glad i friluftsaktivitetar eller eit variert kulturtilbod så finn du det berre nokre steinkast frå sjukehuset. Arbeidsoppgåver Heilskapleg omsorg og pleie til pasientar Kontakt med pasient og pårørande Aktivt samarbeid i tverrfaglege team Kvalifikasjonar Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar Kommunisere godt på norsk, munnleg og skriftleg Nyutdanna? Erfaren? Begge delar er velkomne! Personlege eigenskapar Er fagleg nysgjerrig og tek ansvar Tek ansvar Trivst med teamarbeid, men jobbar òg sjølvstendig Møter pasientar og pårørande med respekt, tryggleik og empati Me tilbyr Sterkt fagmiljø Godt arbeidsmiljø Ein variert arbeidskvardag Gode moglegheiter for fagleg utvikling Løn, pensjon og forsikring etter avtaleverk Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonLinn De Wolfe, Seksjonsleiar, 56533932 Gunn Iren Hovda Engvold, Assisterande leiar, +47 41694311 ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5150454054 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 03.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores