About this role
Kjøkkenassistent – prosjektstilling 30% Me søkjer ein engasjert og matglad kjøkkenassistent i ei prosjektstilling på 30 % (11 timar per veke), fordelt på 2–3 arbeidsdagar. Stillinga passar for deg som er oppteken av sunn og næringsrik mat, og som ønskjer å vere med på å skape gode måltidsopplevingar for barna i barnehagen. Om stillinga Som kjøkkenassistent vil du ha ansvar for planlegging og tilrettelegging av måltid i barnehagen. Du vil bidra til å utvikle ein matkultur som fremjar matglede, nysgjerrigheit og gode vanar hos barna. Me ønskjer at måltida skal vere ein arena for læring, fellesskap og gode sanseopplevingar. Stillinga inneber òg å involvere barna i matlaging og matrelaterte aktivitetar, slik at dei får oppleve meistring, deltaking og glede rundt mat. Stillingsstorleik: 30 % (11 timar per veke) Arbeidstid: Fordelt på 2–3 dagar per veke Oppstart: 18. august 2026 Varigheit: Prosjektstilling som følgjer skuleåret 2026–2027 Arbeidstid i feriar: Stillinga følgjer skuleruta, og det er fri i skuleferiane. Arbeidsoppgåver • Planleggje og tilbereie sunn og næringsrik mat til barna, i tråd med Helsedirektoratets retningslinjer for mat og måltider i barnehagen. • Ha ansvar for mathygiene og rutinar knytte til mattryggleik, også matallegiar og andre særskilte behov • Innkjøp og bestilling av matvarer • Skape inspirerande måltid som stimulerer alle sansar • Involvere barn i matlaging, baking og andre mataktivitetar • Samarbeide tett med dei andre tilsette om måltid og pedagogiske aktivitetar Kvalifikasjonar • Erfaring med matlaging, kjøkkenarbeid eller ernæring er ønskjeleg • Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg • Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: • Har interesse for sunn, variert og næringsrik mat • Er kreativ og glad i å lage mat • Trivst saman med barn og ønskjer å inkludere dei i mataktivitetar • Er sjølvstendig, strukturert og ansvarsmedviten • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Me tilbyr • Ei meiningsfull og spanande prosjektstilling • Moglegheit til å påverke barnehagen sin matkultur og måltidspraksis • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø • Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende • Fri i skuleferiane • Løn etter gjeldande avtaleverk Søknadsfrist: 15.juli For nærare informasjon om stillinga, kontakt einingsleiar Ingvild V. Tveiten på tlf.nr. 45610966, e-post [email protected] Bli med og skap matglede for alle barna! Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft. Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt. Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!