Now hiring

Dagleg leiar -- Kvinnherad Næringsservice @ KVINNHERAD NÆRINGSSERVICE

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Dagleg leiar – Kvinnherad Næringsservice Vil du vera med å utvikla næringslivet i Kvinnherad? Kvinnherad Næringsservice søkjer ein engasjert og framtidsretta dagleg leiar som vil vere ein pådrivar for lokal verdiskaping, etablering og vidareutvikling av næringslivet i regionen. Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i å styrke samarbeidet mellom næringsliv, kommune og andre samarbeidspartnarar, og bidra til å gjere Kvinnherad til ein attraktiv plass å drive og utvikle verksemd. Dette vil du ha ansvar for Leia og utvikle Kvinnherad Næringsservice si verksemd Vere ein aktiv pådrivar for næringsutvikling i regionen Rettleie gründarar og bidra til etablering av nye verksemder Støtte og utvikle eksisterande næringsliv Initiere og drive fram utviklingsprosjekt Bygge nettverk og samarbeid med næringsliv, offentlege aktørar og kompetansemiljø Synleggjere Kvinnherad som attraktiv næringskommune Vi ynskjer at du har kvalifikasjonar som Relevant høgare utdanning (relevant erfaring kan kompensere) Erfaring frå næringsliv, gjerne i leiande rolle God forståing for næringsutvikling og rammevilkår Erfaring med prosjektleiing og samarbeid på tvers av organisasjonar Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg Du må ha eigenskapar som Initiativrik og resultatorientert Gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å bygge tillit Strategisk, men og operativ og gjennomføringssterk Engasjert i lokal samfunnsutvikling Jobben hos oss gir deg Ei sentral og synleg leiarrolle i lokalsamfunnet Store moglegheiter til å påverke utviklinga i regionen Eit breitt nettverk og spennande samarbeidspartnarar Konkurransedyktige vilkår Arbeidsstad: Kvinnherad Søknadsfrist: 15.07.26 For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med styreleiar i KNS, Stig Bruntveit tlf 941 85 616 Send søknad til: [email protected] via "søk på stilling" knappen på denne siden. Søk no og bli med å forma framtida til næringslivet i Kvinnherad! Om arbeidsgiveren: null

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores