About this role
Hareid kommune har ledig ei 100 prosent fast stilling som konsulent/spesialkonsulent. Arbeidstida er frå måndag til fredag frå klokka 08 -16. Stillinga ligg til velferdskontoret, med kommunalsjef for sektor for velferd som næraste leiar. Stillinga inneber i hovudsak sakshandsaming for helse- og omsorgstenester i kommunen. I samarbeid med dei andre einingane, skal vår sakshandsaming syte for at dei som oppheld seg i kommunen får naudsynte og koordinerte tenester i samsvar med dei pliktane og rettane som lovverket gir. Vi søkjer ein positiv og kunnskapsrik medarbeidar som trivst med hektiske arbeidsdagar fylt med allsidige oppgåver, og som har interesse for helserett og forvaltning. Intern søkjar Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett. Arbeidsoppgåver forvaltning av helse- og omsorgstenester (sakshandsaming) tverrfaglege samarbeidsmøter diverse merkantile oppgåver vederlagsutrekning dersom du har erfaring med det deltaking i interkommunalt sakshandsamarnettverk Vi er i stadig utvikling, og det kan bli lagt andre arbeidsoppgåver til stillinga. Kommunane på søre Sunnmøre utgreier for tida felles forvaltningskontor. Kvalifikasjonar treårig relevant høgare utdanning innan administrasjon, helse- eller sosialfag vidareutdanning, og eller erfaring i sakshandsaming er ein fordel kjennskap til kommunehelsetenesta og relevant lov- og regelverk er viktig arbeidsfeltet krev at du formulerer deg godt både skriftleg og munnleg god digital kompetanse Personlege eigenskapar du er imøtekomande du er sjølvstendig og strukturert du er løysingsorientert du skapar gode relasjonar til dei rundt deg du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne du har handlekraft og gjennomføringsevne du er positiv til endringar du er fleksibel og har stor arbeidskapasitet Det er viktig for oss å bygge eit godt team, difor er personleg eignaheit av stor tyding og vil bli lagt vekt på. Vi tilbyr god opplæring eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer fleksibel arbeidstid god forsikring og pensjonsordning løn etter gjeldande tariffavtale Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant. KontaktinformasjonOttar Eiksund Røyset, Kommunalsjef, +47 97797373 ArbeidsstadTeigevegen 55 6060 HAREID Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Hareid kommune Referansenr.: 5151388289 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.08.2026 Om arbeidsgiveren: GODE TENESTER - GLADE TILSETTE Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette. Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår. Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25. Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav. Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter. Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga. Jobbe hjå oss - Hareid kommune