Now hiring

Bygstad barnehage har ledige stilling @ BYGSTAD BARNEHAGE

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du være med å lage eventyrlege barnehagedagar for barna våre? Då må du sjå her! Vårt mål er trygge barn, som trivast. Vi ynskjer å gje gode vilkår for omsorg, leik, læring og utvikling, og til dette treng vi fleire med på laget. Bygstad barnehage har fem avdelingar og ligg i flotte og tilgjengelege naturomgjevnader med Bygstad skule som næraste nabo. Vi har 2 ledige stillingar 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar med relevant fagbrev eller assistent. 80 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar med relevant fagbrev eller assistent. Begge stillingane er ledige frå 14.08.2026. For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Anne Jorunn Fauske, tlf. 952 34 265 eller på e-post [email protected] Vi kan tilby deg: god oppfølging av nytilsette deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon gode pensjons- og forsikringsordningar kompetansetillegg for relevant vidareutdanning Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen, håpar vi du vil søke på stillingane i barnehagen vår!Kvalifikasjonar: du har relevant utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagbrev beherskar godt munnleg norsk personlege eigenskapar vil bli vektlagt erfaring og interesse for arbeid med barn du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn du har gode evner til å leie barn du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling Gyldig politiattest må leggast fram før start i stillingane. Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg! Du søker elektronisk. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores