About this role
Har du lyst å gjera ein skilnad i barn og unge sine liv? Då er dette stillinga for deg -- bli med på laget vårt! Sævarhagen avlastingsbustad gir tilbod til barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar. Brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak etter Helse-- og omsorgstenestelova. Arbeidet består i å skapa gode dagar gjennom eit fagleg og systematisk arbeid med kvart einskild barn og ungdom i samråd med føresette, ulike andre aktørar og ikkje minst dine gode kollega. Me har nye, flotte fasilitetar i Sævarhagen på Stord. **Me har ledig fast 100% stilling for vernepleiar.**Stillinga har todelt turnus, arbeid 4. kvar helg med langvakter Me ynskjer deg som: Har høgt engasjement for barn og unge, og gjerne erfaring med brukargruppa Har stor arbeidskapasitet og er fleksibel Vil vera med å ta ansvar og ha ulike koordinatoroppgåver for våre barn og ungdommar Som lyttar til barnet/ungdommen sin kommunikasjon med respekt og vil samhandla med barnet/ ungdommen til å løysa ulike oppgåver og utfordringar saman Som likar å vera ein lagspelar og arbeida systematisk saman med resten av laget rundt barnet Har kjennskap til, og helst erfaring, med alternativ supplerande kommunikasjon - ASK Du har gjerne interesse for bruk av musikk som eit miljøterapeutisk tiltak Kvalifikasjonskrav: Norsk autorisasjon som vernepleiar eler sjukepleiar Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Ein må framlegge godkjent politiattest av ny dato ved tilsetjing. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Me kan tilby: Moglegheita til å vera med å forma framtida sitt avlastningstilbod i Stord kommune Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø Godt arbeidsmiljø Moglegheita til å vera med å forma framtida sitt avlastningstilbod i Stord kommune Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm. Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk Offentleg tenestepensjon Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje. Om arbeidsgiveren: Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein >! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.