Now hiring

ID 1066 Pianolærar i Fitjar kulturskule @ FITJAR KULTURSKULE

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli vår nye pianolærar? Fitjar kulturskule har frå 1 august 2026 ledig 40% fast stilling som lærar på piano. Dette er 2. gangs utlysing og interjuv og tilsetjing kan skje fortløpande. Arbeids- og ansvarsområde: Undervise på piano Undervisninga er lagt til Rimbareid barne- og ungdomsskule Søkjar må ha evne til å arbeide kreativt og sjølvstendig. Me ser etter deg som har: Interesse for å undervise på piano Evne til å skapa eit trygt og inspirerande læringsmiljø Erfaring frå undervisning og arbeid med barn og unge Kvalifikasjonar: Søkjar bør ha høgare utdanning i musikk og relevant pedagogisk utdanning/erfaring. Løns og arbeidsvilkår vert etter avtale, og i samsvar med kommunalt avtaleverk. For nærare opplysningar kontakt rektor i Fitjar kulturskule, Håvard Kroka, tlf: 90 87 55 94. Om arbeidsgiveren: Fitjar kulturskule har sidan 1976 vore ein viktig del av det lokale kulturlivet, og har sidan 1992 hatt si noverande form. Me tilbyr undervisning i eit breitt spekter av fag, som piano, song, gitar, el-bass, slagverk, fiolin, dans, visuelle kunstfag, og messinginstrument/korps. Undervisninga finn stad på Rimbareid skule og i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Kulturskulen er ein stad for skaparglede, meistring og utvikling, både for elevar og tilsette. Me legg vekt på å skapa eit inkluderande og inspirerande læringsmiljø, der kvar elev får moglegheit til å utfalda seg og veksa gjennom kunst og kultur.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores