Now hiring

Bli tømrar hos Norgeshus | Varierte prosjekt og marknadsleiande lønn @ NORGESHUS MESTERBYGG SUNNHORDLAND AS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Norgeshus Mesterbygg Sunnhordland søkjer dyktige tømrarar som ønskjer ein arbeidsplass der fagmiljø og trivsel står i sentrum. Hos oss blir du ein del av eit samansveisa team der samarbeid, kvalitet og godt handverk står sterkt. Me har eit uformelt og inkluderande arbeidsmiljø med kollegaer som trivst saman – både på jobb og på fritida. Det er ikkje uvanleg at dei tilsette finn på sosiale aktivitetar saman også utanom arbeidstid. Me meiner at gode medarbeidarar fortener å bli tekne godt vare på. Derfor investerer me både i menneska våre og arbeidsmiljøet. Gjennom året arrangerer me fleire sosiale samlingar og firmaturar, og i september går årets tur til Malaga. Hos oss får du jobbe med varierte oppdrag innan rehabilitering, nybygg og oppdrettsnæringa. Me legg til rette for at du får brukt kompetansen din, utvikla deg vidare og ha ein arbeidsplass der du trivst – både med kollegaene og arbeidsoppgåvene. Dine viktigaste arbeidsoppgåver Innvendig og utvendig tømrararbeid Arbeid på rehabiliterings- og nybyggprosjekt Bidra til god framdrift og høg kvalitet i prosjekta Samarbeide tett med kollegaer og andre faggrupper Representere Norgeshus på ein profesjonell og positiv måte Ønskte eigenskapar og kvalifikasjonar Fagbrev som tømrar Beherskar norsk eller engelsk Sjølvstendig, ansvarsbevisst og løysingsorientert Gode samarbeidsevner Serviceinnstilt og positiv Du har yrkesstoltheit og ønskjer å levere arbeid av høg kvalitet Me tilbyr Marknadsleiande lønnsvilkår Fullt utstyrt arbeidsbil Varierte og spennande prosjekt Moglegheit til å jobbe med moderne verktøy og ny teknologi Stabil arbeidsplass med høg aktivitet Gode forsikringsordningar Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med svært godt samhald Sosiale arrangement og firmaturar gjennom året Moglegheiter for fagleg utvikling Nysgjerrig? Ta gjerne kontakt med vår rekrutteringsrådgjevar i Personalhuset Search & Selection, Jonas Grønningen, på telefon 923 70 980 eller e-post [email protected] for ein uforpliktande prat. Om arbeidsgiveren: Norgeshus Mesterbygg Sunnhordland vart stifta i 2003 og forhandlar Norgeshus i kommunane Stord, Bømlo og Fitjar. Våre tilsette er opptatt av å levere service og kvalitet, me strekker oss langt for at kundane våre skal bli fornøgd. Me har heile vegen tilsett lærlingar og bygd opp nye arbeidslag. Våre tilsette er svært dyktige og gode medarbeidarar. Samhaldet er godt og me trives på jobb. Eit viktig fokus hos oss er at dei tilsette skal ha ein god arbeidsplass. Dette beviser vår høge score i GPTW medarbeidarundersøking. Me har kontor på Bømlo, selskapet er i stadig vekst og me har i dag 21 ansatte.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores