Now hiring

Vikariat som seniorkonsulent (dokumentasjonsforvaltar) ved HR-avdelinga @ UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Seniorkonsulent Ved HR-avdelinga, Faggruppe for dokumentasjons- og systemforvalting er det ledig eit 100% vikariat som seniorkonsulent i 6 månader, med måglegheiter for forlenging. Faggruppe for dokumentasjons- og systemforvalting ivaretek arkivfunksjonen for UiB, og forvaltar sakarkivsystemet WebSak og UiBs papirarkiv. Faggruppa ligger under HR-avdelinga. Arbeidsoppgåver: Den som vert tilsett vil delta i drift og utvikling av arkivfunksjonane ved Universitetet i Bergen, som mellom anna er følgjande oppgåver: Postmottak, sak og dokumentregistrering, kvalitetskontroll og journalføring Oppfølging av krav om dokumentinnsyn Brukarstøtte og rettleiing til sakshandsamarar og leiarar Brukar- og systemadministrasjon Produsere offentleg journal og følgje opp interne og eksterne spørsmål om informasjon/dokumentasjon Utvikling og vedlikehald av dokumentmalar og digitale skjematenester Forvaltning av eldre arkiv Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjarane må ha høgre utdanning på minst bachelor-nivå eller tilsvarande utdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan oppnåast gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning Erfaring med brukarstøtte og praktisk erfaring med elektronisk dokumenthandsaming og arkiv vil bli vektlagt Det er ein fordel med erfaring frå bruk av WebSak, Elements/ePhorte eller andre sak-/arkivsystem og frå handsaming av krav om dokumentinnsyn Søkjar må ha god generell IT-kunnskap, og kjennskap til administrative datasystem Forståing for og erfaring med systemintegrasjon og standardiserte format for utveksling av data er ein fordel Vi søkjer ein person som: Har engasjement og interesse for arkivfaget er serviceinnstilt, fleksibel, kvalitets- og resultatbevisst har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter og auge for å utvikle/forbetre administrative rutiner Vi kan tilby: Eit godt, inkluderande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr. 611 900 - 660 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. Medlemskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: arkivleiar Per Christian Gaustad, e-post: [email protected] Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her . Om arbeidsgiveren: Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores