About this role
Kan du setje opp eit byggjeprosjekt og samtidig få eit lag med dyktige fagarbeidarar med deg i kvardagen? Då kan du vere den rette for denne stillinga. Kraftmuseet tek vare på tekniske og industrielle kulturminne av nasjonal verdi, og no søkjer vi ein avdelingsleiar bygg og anlegg som vil leie arbeidet med drift, vedlikehald og prosjekt på bygga og anlegga våre i Tyssedal og Odda. Rolla er både praktisk og strategisk, og vegen er kort frå plan til handling. Arbeidsstaden er Tyssedal i Ullensvang kommune.