About this role
Fjord1 søker no ein dekkssjef til ei variert og attraktiv stilling med gode friperiodar og spennande utfordringar gjennom året. Som dekkssjef i denne stillinga får du arbeide både i fast sambandsdrift og på reserveferje. Frå om lag mai til og med september vil du vere fast disponert i sommarruta pt. i sambandet Jondal – Tørvikbygd. Resten av året vil du vere knytt til reserveferja, pt. MF Sogn, med base på Steinestø ferjekai, om lag 25 minutt nord for Bergen. Her vil du spele ei viktig rolle i å halde fartøyet driftsklart og bidra til stabil drift ved ekstra kapasitetsbehov, avløysingar og planlagde verkstadsopphald.
Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og ein 98-timars arbeidsveke. I vinterhalvåret får du dekka reiseutgifter mellom bustad og arbeidsstad når reiseavstanden er over 15 km.Ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.