Now hiring

Nattevaktstillingar @ Gloppen kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bidra til tryggleik og gode tenester gjennom natta? Miljøarbeidertenesta, avdeling 1 (Åsavegen, Furubu og Solsikka) har ledige stillingar:- Vikariat i 80 % på natt med arbeid kvar tredje helg i perioden 01.04.27 til 19.04.28. Det er moglegheit for forlenging, i form av fast tilsetning i tenesta. - fast stilling i ca 31 % helg på natt. Stillinga utgjer arbeid natt til laurdag, natt til søndag og natt til måndag kvar tredje helg.På natt er du med på å sikre at bebuarane våre får eit trygt, godt og forsvarleg tenestetilbod.

Arbeidet omfattar mellom anna observasjonar, oppfølging av individuelle tiltak og praktisk bistand etter behov. Du arbeider tett saman med to andre nattevakter og blir ein viktig del av laget rundt brukarane. Miljøarbeidertenesta yter tenester til personar med utviklingshemming, nedsett funksjonsevne og psykiske lidingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å gi fagleg gode tenester. Målet er å bidra til at kvar enkelt brukar kan leve eit godt liv ut frå eigne føresetnader, ønskje og behov.

Dette krev tilsette som møter menneske med respekt, omsorg og fagleg bevisstheit. Som nattevakt må du rekne med å delta på personalmøte og fagmøte som er lagt inn i turnus gjennom året. Har du spørsmål om stillinga eller turnusordninga? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat. Tiltreding: 01.04.27 eller tidlegare etter avtale. Oppgi i søknaden om du søker på fast helg 31% eller 80% stilling.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores