About this role
Det er ledig 70 % vikariat som helsesjukepleiar ved helsestasjonen frå dags dato til 31.12. 2027, det kan bli mogleg med auke i stillingsprosent. Helsestasjonen er organisert i eining Barn, familie og helse saman med barnevern, tenesta for psykisk helsearbeid for barn, unge og familiar, fysio- og ergoterapitenesta, flykningtenesta og legetenesta. Det er lagt stor vekt på samarbeid med dei andre tenestane i kommunen. Helsestasjonen har til saman 12 tilsette og avdelingsleiar er næraste overordna. Det er krav om politiattest av ny dato.I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt. Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.