Now hiring

Helsefagarbeidar heimetenesten @ Klepp kommune, Heimeteneste og legevakt

Kleppe, Rogaland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du ha ein jobb der du gjer ein forskjell, blir verdsett og gler deg til å gå på jobb? Er du framtidsretta, raus, entusiastisk og modig? Då kan du vere den kollegaen vi leitar etter.I heimetenesta i Klepp kommune jobbar vi kvar dag for at menneske skal kunne leve gode, trygge og sjølvstendige liv i eigen heim. Hos oss møter du ein variert arbeidskvardag, spennande faglege utfordringar og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, humor og engasjement.Vi har no ledige vikariat i 80–100 % stilling, og ønskjer oss kollegaer som brenn for omsorg, relasjonar og fagleg kvalitet.

Difor trivst vi i Heimetenesta: Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsfellesskap der vi heiar på kvarandre, deler kompetanse og er opptekne av å gjere kvarandre gode. Vi trur at arbeidsglede blir skapt gjennom meistring, tilhøyrsle og moglegheita til fagleg utvikling.Du vil samarbeide tett med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, demenskoordinator, kreftsjukepleiar, hverdagsrehabilitering og andre fagpersonar. Saman arbeider vi for å gi brukarane tenester av høg kvalitet med respekt, omsorg og brukarmedverknad i sentrum.Vi er stolte av å vere ein arbeidsplass med stor takhøgd, der nye idear blir lytta til, og der engasjement og initiativ blir verdsette. Visjonen til Klepp kommune, «Med blikk for alle», ligg til grunn for alt vi gjer. Aktuelle kandidater blir innkalt fortløpende.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores