Now hiring

Ledig stilling som spesialetterforskar i etterforskingsavdelinga ved kontoret vårt i Bergen @ Spesialenheten for politisaker

Bergen, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Spesialeininga for politisaker etterforskar og avgjer saker som gjeld spørsmål om ein tilsett i politiet eller påtalemakta har gjort ei straffbar handling i tenesta. Eininga skal gjennom arbeidet sitt bidra til å byggje tillit til at samfunnet behandlar alle meldingar mot politiet og påtalemakta med alvor og grundigheit. Spesialeininga for politisaker er ikkje ein del av politiet. Vi er ei uavhengig verksemd som er direkte underlagd Justis- og beredskapsdepartementet og Riksadvokatembetet.

Verksemda har i dag 46 tilsette. Sjefen for Spesialeininga med administrasjonen og avdelinga for sentralt saksmottak og innleiande etterforsking, er plassert på Hamar. Etterforskingsavdelinga er lokalisert i Oslo, Trondheim og Bergen. For meir informasjon viser vi til nettsida vår: www.spesialenheten.no.Vi er ein spennande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag. Sakene vi handsamar har stor betydning for enkeltmenneske og er viktige for tilliten til politiet og påtalemakta.

Det er difor avgjerande at arbeidet blir utført i tråd med dei overordna måla våre om låg kriminalitet og rettstryggleik, og dei grunnleggjande verdiane våre om uavhengigheit, integritet og openheit. Etterforskingsavdelinga består av spesialetterforskarar, juristar og kontorstøtte. Avdelinga har for tida 22 tilsette. Ved kontoret i Bergen er det totalt fire tilsette. Vi har no ei ledig stilling der fordi ein av kollegaene våre går av med pensjon. Vi søkjer ein fagleg dyktig spesialetterforskar som likar utfordringar og ønskjer å vere ein del av vårt engasjerte og kompetente fagmiljø.

Vi arbeider både sjølvstendig og i team med saker av ulik kompleksitet. Du må identifisere deg med samfunnsoppdraget og verdiane til Spesialeininga. Spesialeininga er ein beredskapsorganisasjon, og det blir forventa fleksibilitet i oppgåveløysinga og vilje til å yte ekstra når oppgåvene krev det.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores