About this role
Hareid kommune har ledig ei fast stilling i 40 % som rektor ved Hareid musikk- og kulturskule frå 01.01.2027. Vi søkjer ein rektor som ser verdien av både god økonomistyring, personalhandtering og eit mangfaldig musikk- og kulturskuletilbod.
Du er også utøvande i minst ei uttrykksform innan kunst- og kulturområdet. Hareid musikk- og kulturskule held til i lokale ved ungdomsskulen i kommunen og har i dag 3,6 årsverk, fordelt på 10 tilsette og rundt 230 elevar.
- Arbeidsoppgåver dagleg leiing av musikk- og kulturskulen einingsleiing, med fullt økonomi- og personalansvar sikre og vidareutvikle kommunen sitt tilbod i musikk- og kulturskulen sikre og vidareutvikle samarbeidet med andre delar av kommunen si verksemd, frivillige organisasjonar, kulturaktørar og næringsliv representere kulturskulen i ulike lokale og regionale samarbeid og nettverk Kvalifikasjonar Som søkjar til stilllinga som rektor ved musikk- og kulturskulen, ønskjer vi oss deg som har: kunst- og kulturfagleg utdanning, med minimum bacherlorgrad formell, pedagogisk kompetanse (ppu, eller tilsvarande) leiarutdanning og/eller -erfaring erfaring frå arbeid i kulturskule, eller anna musikk-, kunst eller kulturverksemd gode kunnskapar om og forståing av digitale arbeidsverktøy Etter opplæringslova § 17-11 er det krav om politiattest til stillinga.
- Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som er: trygg og inkluderande god relasjonelt og glad i å samarbeide god til å motivere og utvikle både deg sjølv og dei du skal leie strukturert og tek ansvar Vi tilbyr utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling ein god arbeidsfelleskap med engasjerte kollegaer løn etter avtale god forsikrings- og pensjonsordning Du må søkje digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din.
- Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre.
- Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
- Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
- Faste stillingar har seks månaders prøvetid.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast.
Du blir kontakta i forkant.
- KontaktinformasjonHelge Hamre, Kommunalsjef, +47 95069388 ArbeidsstadRådhusplassen 5 6060 Hareid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sektor for læring og kultur Referansenr.: 5209609083 Stillingsprosent: 40% Fast Søknadsfrist: 01.12.2026 Om arbeidsgiveren: GODE TENESTER - GLADE TILSETTE Hareid kommune har om lag 5 300 innbyggjarar og rundt 500 tilsette.
- Dei tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs.
- Kvaliteten på tenestene våre er avhengig av kompetanse, engasjement og motivasjon.
- Innbyggjarane i Hareid står i sentrum for all service- og tenesteyting.
- Inkludering og mangfald er ein styrke for kommunen.
- Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
- Praktisk informasjon Alle søkjarar blir førte opp på den offentlege søkjarlista.
- Du kan be om å bli unnateken frå offentleggjering.
- For å få innvilga dette må det liggje føre særlege grunnar, jf. offentleglova § 25.
- For stillingar der det er krav om politiattest, må gyldig politiattest av ny dato leggjast fram før tiltreding.
- Attestar, vitnemål og annan relevant dokumentasjon skal lastast opp saman med søknaden i Webcruiter.
- Vi oppmodar søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen.
- Utdanning som er gjennomført utanfor Noreg, må vere godkjend av HK-dir (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse), og godkjenninga må dokumenterast.
- Jobbe hjå oss - Hareid kommune