Now hiring

50 % fast stilling som behandlar @ HELSE FØRDE HF SOGNDAL BUP

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Sogndal BUP har ledig 50 % fast stilling for behandlar med pedagogisk og/eller helse- og sosialfagleg kompetanse. Ønskt oppstart 01.01.2027, eller etter nærare avtale.

Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge er delt i fire seksjonar; ein sengepost og tre poliklinikkar. Sogndal BUP er samlokalisert med Indre Sogn psykiatrisenter, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern. Vi tilbyr polikliniske spesialisthelsetenester til barn, unge og familiar i kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Sogndal BUP har erfarne medarbeidarar og god spesialistdekning. Vi vektlegg trivsel og fellesskap, og har eit positivt arbeidsmiljø prega av høg fagleg kvalitet og rom for fagleg fordjuping.

Den som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell § 20a. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.

Arbeidsoppgåver Utgreiing og behandling av barn og ungdom med psykiske vanskar Samarbeid og rettleiing til samarbeidspartar Delta i fag- og kompetanseutvikling Det må påreknast noko reiseverksemd Kvalifikasjonar Grunnutdanning som lærar eller helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning (til dømes vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller sjukepleiar) Relevant mastergrad Erfaring med poliklinisk arbeid i psykisk helsevern for barn og unge Erfaring med tverrfagleg samarbeid Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar Gode samarbeidsevner Motivasjon og interesse for fag- og utviklingsarbeid Ved vurdering av søkjarar til stillinga, vil personlege eigenskapar bli tillagt vekt.

Vi tilbyr Løn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Varierte og spanande arbeidsoppgåver Gode moglegheiter for fagleg utvikling Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer Triveleg arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.

Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonEili Nygard Riise, Seksjonsleiar, (+47) 576 27 500 ArbeidsstadDalavegen 29 6856 Sogndal Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5211236029 Stillingsprosent: 50% Fast Startdato: 01.01.2027 Søknadsfrist: 01.12.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider aktivt med pasienttryggleik, brukarmedverknad og leiarutvikling. Vi har sjukehus og psykiatriske institusjonar lokalisert i seks kommunar samt driftar ambulansetenesta. Talet på tilsette er om lag 3000 medan budsjettet er på 2,9 milliardar kroner. Helse Førde er organisert i fire klinikkar med føretaksadministrasjon lokalisert i Førde. Helse Førde er eigd av Helse Vest RHF.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores