Now hiring

Rådgjevar/Spesialkonsulent @ VESTLAND FYLKESKOMMUNE FYLKESDIREKTØR

Bergen, NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du lyst til å vere med å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland? Vi søkjer deg som er systematisk, analytisk, løysingsorientert, har gode samarbeidsevner, og som vil vere med å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland. Vestland fylkeskommune skal gje ungdom og vaksne vidaregåande opplæring med høg kvalitet. Den vidaregåande opplæringa skal bidra til berekraftig forvaltning av ressursar og til gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde gjennom mellom anna eit breitt og likeverdig opplæringstilbod. Fullføringsreforma skal bidra til at ungdom og vaksne vert kvalifisert til å møte krav i vidare utdanning og arbeidsliv, og at dei kan oppdatere sin kompetanse gjennom hele livet.

Vestland fylkeskommune skal gje elevar, læringar og vaksne vidaregåande opplæring som er prega av meistring, motivasjon og læring som gjev relevant kompetanse til vidare utdanning og arbeid. Kvar dag får 30 000 ungdommar og vaksne opplæring i skule og bedrift. Fylket har 40 vidaregåande skular, fagskule, produksjonsskule og folkehøgskule, vi er omlag 5000 tilsette.

Når ungdom og vaksne søker skuleplass eller skal ut i lære, er det seksjon inntak, forvaltning og sluttvurdering som handterer dette. Seksjonen administrerer alt inntak til vidaregåande opplæring, har ansvar for lærekontraktar og godkjenning av lærebedrifter og opplæringskontor. Seksjonen har ansvar for eksamen, fag-/sveineprøvar og forvaltar dokumentasjon som vitnemål, kompetansebevis og fag-/sveinebrev.

Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse har ledig stilling som rådgjevar/spesialkonsulent ved seksjon for inntak forvalting og sluttvurdering. Stillinga er knytt til forvaltningsfeltet, arbeid med fag- og yrkesopplæringa. Kontorstad Bergen Arbeidsoppgåver Arbeid knytt til forvaltningsfeltet fag- og yrkesopplæringa Arbeid med statistikk og fagsystem Sakshandsaming Samhandling og kommunikasjon med andre seksjonar, rettleiingstenesta, lærebedrifter og samarbeidsorgan Bidra til rutineutvikling og informasjonsarbeid Andre oppgåver kan bli aktuelle.

Kvalifikasjonar Utdanning på bachelor eller masternivå, særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet Kjennskap til opplæringslova og forskrifter for vidaregåande opplæring med særleg vekt på fag- og yrkesopplæring. Kjennskap til sakshandsamingssystem som Vigo og Elements er positivt Analytisk kompetanse og bruk av Excel God munnleg og skriftleg framstillingsevne, tenestemålet til fylkeskommunen er nynorsk.

Personlege eigenskapar Lærevillig, fleksibel og har evne til å tileigne deg ny kunnskap Analytisk og viser god systemforståing Er god på samhandling, er inkluderande og byggjer gode relasjonar Utviklingsorientert Serviceinnstilt Engasjert og har evne til å motivere Sjølvstendig og har evne til å løyse problemstillingar i team Personlege eigenskapar vert vektlagt Vi tilbyr Eit spennande og breitt fagleg godt arbeidsfellesskap Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsfellesskap.

Stillingsnemning spesialkonsulent/rådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune. Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.

Seksjonen har kontorstad i Bergen, Førde, Leikanger og på Stord.

KontaktinformasjonHege Bugge Gjerdevik Osebakken, Fagleiar med personalansvar, 92816296, [email protected] Øivind Høines, seksjonssjef, 99005647 ArbeidsstadLars Hillesgate 21 Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5202587545 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.12.2026 Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.

Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel.

Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores