About this role
Vil du arbeide som lege i ein unik øykommune med brei allmennmedisinsk praksis, sjølvstendige arbeidsoppgåver og gode friperiodar mellom vaktperiodane? Solund kommune har ledige legestillingar og søkjer engasjerte legar som ønskjer ei variert og spennande stilling i eit godt fagmiljø.
Ledige stillingarKommuneoverlege i 40 % stilling Stillinga omfattar kommuneoverlegeoppgåver kombinert med klinisk arbeid som fastlege. Om lag 33 % av stillinga er knytt til fastlegearbeid, medan 7 % er kommuneoverlegeoppgåver. Turnusen er organisert med to veker på og fire veker fri. Fastlege i 16,67 % stilling Turnusen er organisert med ei veke på og fem veker fri.
Om legekontoret Legekontoret ligg på Hardbakke i Solund Helsetun, der fleire av kommunen sine helse- og omsorgstenester er samla under eitt tak. Solund kommune har eiga legevaktordning. I vaktperioden har legen ansvar for både legekontor på dagtid og legevakt på kveld, natt og helg. Vaktene er organiserte i vaktklasse 1 med takst 15. Det er éin lege på vakt til kvar tid i den etablerte Nordsjøturnusen. Kommunen er knytt til legevaktsentralen i Førde og har ein velutstyrt ambulansebåt stasjonert i kommunen, i tillegg til heildøgnsbemanna ambulansebil. Legen har god støtte frå ambulansetenesta under vakt. Lokalsjukehus er Førde sentralsjukehus, medan spesialistressursane ved Haukeland universitetssjukehus vert nytta ved behov. Kommunen har eiga KAD-seng knytt til institusjonstenesta. Ved legekontoret er det tilsett legesekretær og sjukepleiar i til saman 120 % stilling.
- Arbeidsoppgåver Legekontor på dagtid Legevakt Fastlegeliste Helsestasjon og skulehelseteneste Tilsynslege ved institusjon Kommuneoverlegen har i tillegg ansvar for Medisinskfagleg rådgjeving for kommunen Folkehelsearbeid Smittevern Medisinskfagleg ansvar for legevaktstenesta Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Spesialist i allmennmedisin, eller påbegynt spesialisering innan allmennmedisin Erfaring frå legevakt og akuttmedisin er ein fordel God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: arbeider sjølvstendig og strukturert har gode samarbeidsevner er fagleg trygg og løysingsorientert trivst med eit breitt medisinsk ansvarsområde Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
- Vi tilbyr Ei variert og spennande legestilling i ein kommune med korte avstandar og tett samarbeid mellom tenestene Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø Brei allmennmedisinsk praksis med stor grad av fagleg sjølvstende Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter avtale Bustad i vaktperiodar Reisegodtgjersle til og frå vaktperiodar Nynorsk er administrasjonsspråk i Solund kommune.
Anna informasjon I tråd med helsepersonellova er det krav om godkjend politiattest og utfylte MRSA- og tuberkuloseskjema før tilsetjing. Attestar og vitnemål skal leggjast fram før eller ved intervju.
Kontaktinformasjon Leif M. Skjærstad Kommunelege 1Tlf. 57 78 62 81 Marit Andersen Nesse Helse- og omsorgsleiarTlf. 412 91 139 Slik søkjer du Søknad med CV skal sendast via kommunen sitt rekrutteringssystem innan søknadsfristen. Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ønskjer berre kontakt med søkjarar.
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Solund er ein øykommune og er Noregs vestlegaste kommune. Her er mogelegheiter for unike naturopplevingar både på sjø og land. Bland anna er det fine forhold for kajakkpadling og fiske, og turar på godt opparbeidde turstiar/ fjellturar i heile kommunen. Vi er ein kommune i utvikling, med ny skule og treningssenter og fleire satsingar innan mellom anna sentrumsutvikling, bustadutvikling og infrastruktur. I Solund får du vere med på å forme framtida til kommunen. Som tilsett hos oss må du trivast med høgt tempo, varierte arbeidsoppgåver og samarbeid på tvers av fagområde.
Storleiken på organisasjonen gjer at vi ofte må finne løysingar saman og bidra utanfor eige fagfelt når behovet oppstår. Vi jobbar også aktivt for å skape gode sosiale nettverk for dei som kjem til kommunen, anten som tilflyttarar eller pendlarar. Gjennom ulike møteplassar og aktivitetar ønskjer vi å gjere det lettare å bli kjend med både folk og lokalmiljø. Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ