Now hiring

Tilkallingsvikar assistent/barne- og ungdomsarbeidar Sæbø barnehage @ SÆBØ BARNEHAGE

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Sæbø barnehage har behov for nye tilkallingsvikarar! Me er ein koseleg, liten barnehage som held til i Austmarka, midt imellom Sæbø skule og Bunnpris. Om oss Sæbø barnehage har tre avdelingar, ein småbarnsavdeling med barn frå 1-2 år, ein mellomavdeling med barn frå 2-3 år, og ein storbarnsavdeling med barn frå 3-6 år. Opningstida vår er frå 07:00-16:30. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagleg fellesskap, og du får moglegheiten til å bidra til barns utvikling og læring. Du må vere ein tydeleg vaksen, med eit varmt hjarte i møte med barna. Du må like ein hektisk kvardag, og kunne ta i eit tak når det trengst.

Viss dette høyrest ut som noko for deg, håpar vi at du sender oss ein søknad! Arbeidsoppgåver Delta i dagleg drift av avdelinga Me tilbyr Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring. Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt.

Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Politiattest I tråd med barnehagelova § 19, vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede Om arbeidsgiveren: Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores