Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar ved Dale skule @ DALE SKULE

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du jobba hos oss på Dale skule? Det er ledig inntil 100 % vikariat for barne- og ungdomsarbeidar ved Dale skule, frå 04.01.2027 til 18.06.2027. Stillinga er knytt til barnesteget ved skulen og SFO.

Dale skule er ein 1-10 skule, med 215 elevar. Elevane på barnesteget er frå Dale og Bergsdalen. Elevane på ungdomssteget kjem frå skulane på Vaksdal, Stanghelle, Stamnes og Dale.

Vi er særleg interesserte i tilsette som ønsker å bidra til å utvikle SFO som arenaer for barna si utvikling, og som bygger praksisen sin på grunnleggande verdiar i grunnskulen.

  • Kvalifikasjonar Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar Søkarar med anna relevant kompetanse/erfaring kan ved behov bli vurdert Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.
  • Arbeidsoppgåver Støtte elevar i læring, leik og sosial utvikling gjennom skuledagen og på SFO Bidra til eit trygt, inkluderande og godt lærings- og oppvekstmiljø Følge opp elevar med behov for ekstra støtte, i samarbeid med andre tilsette Opne og stenge SFO etter gjeldande rutinar Ta initiativ til og gjennomføre varierte aktivitetar både ute og inne Følge opp barna og bidra til gode rutinar gjennom SFO-dagen Utføre avtalte oppgåver på ein sjølvstendig og ansvarleg måte Personlege eigenskapar Du er ein stabil, påliteleg, open og ærleg person Du liker å vere i aktivitet saman med barn Du trivast i eit aktivt og travelt miljø Du er ein trygg, raus og tydeleg vaksenperson i møte med barna Du er sjølvstendig i tilrettelegginga for enkeltelevar som treng deg for å gjere seg nytte av opplæringa Du er på skulen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du kan vise til erfaringar der du fremjar samarbeid og utøver positiv kollegastøtte Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre.

Vi oppmodar menn til å søka.

Vaksdal kommune tilbyr Gode pensjons- og forsikringsordningar Individuell oppfølging Gode moglegheitar for støtte til utdanning Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg Om arbeidsgiveren: Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag. Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga.

Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.

Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. §17-11 i opplæringslova fremlegges.

Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette.

Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores