About this role
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Om stillinga: Ved Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen, er det ledig ei mellombels 100 % stilling som overingeniør i seks månader, med moglegheit for forlenging avhengig av finansiering.
- Stillinga er finansiert gjennom MAREANO-programmet og knytt til arbeid med djuphavsfauna i norske havområde.
- Tiltreding er 1. februar 2027.
- Den som vert tilsett vil arbeide med opparbeiding og analyse av marine botnprøver frå djuphavet, artsidentifisering av marine virvellause dyr, kuratering av vitskaplege samlingar og utvikling av DNA-basert dokumentasjon av artsmangfald.
- Arbeidet omfattar og rettleiing, kvalitetssikring og kompetanseoverføring innan marin faunistikk.
- Arbeidsoppgåver: Det overordna målet med prosjektet er å dokumentere og styrkje kunnskapen om artsmangfaldet hos botnlevande organismar i norske djuphavsområde.
- Den som blir tilsett, skal bidra med: Sortering, opparbeiding og artsidentifisering av marine botnprøver frå djuphavet Kuratering og vedlikehald av vitskaplege samlingar av marine virvellause dyr Vevsprøvetaking og oppbygging av DNA-referansebibliotek for genetiske analysar Redigering og kvalitetssikring av DNA-sekvensar Avbilding av utvalde eksemplar ved hjelp av stacking-stereomikroskopi og etterfølgjande bilethandsaming Planlegging og gjennomføring av workshopar og kurs innan artsidentifisering og marin faunistikk for studentar og prosjektmedarbeidarar Kvalitetssikring av artsbestemmingar, prøvemateriale og datasett Kvalifikasjonar og eigenskapar: Mastergrad i marinbiologi, marin zoologi eller tilsvarande relevant fagområde Gode samarbeidsevner og trivst med å dele kunnskap og rettleie andre Brei faunistisk kompetanse innan identifisering av marine virvellause dyr, særleg botnlevande djuphavsorganismar Erfaring med kuratering av museumssamlingar og registrering av materiale i samlingsdatabasar Erfaring med produksjon, handsaming og redigering av DNA-sekvensdata God kompetanse i bruk av fotoutstyr, inkludert stacking-teknikkar, og relevant programvare for biletbehandling God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Det er ein fordel om søkjaren har: Erfaring frå undervisning, kursverksemd eller rettleiing Erfaring med bioinformatiske analysar og handtering av genetiske datasett Erfaring frå arbeid med MAREANO-materiale eller andre marine kartleggingsprogram Erfaring med innsending og handtering av data i BOLD, GenBank eller tilsvarande databasar Vi tilbyr: Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø, moderne laboratorium med varierte forskingsaktivitetar og omfattande vitskaplege samlingar Løn som overingeniør (kode 1087) I årsløn kr 642 000 - 665 000 brutto, avhengig av kvalifikasjonar Medlemskap i Statens pensjonskasse Ei stilling i ei inkluderande verksemd (IA-verksemd) Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Nataliya Budaeva, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: [email protected], mobiltelefon +47 40161824, eller instituttleiar Jenny Smedmark, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: [email protected], mobiltelefon: +47 407 26 194.
- Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
- UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
- Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista.
- Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
- Søknaden må innehalde: Eit søknadsbrev (maks. 1 side) som skildrar motivasjonen din for å arbeide med prosjektet Ein CV (maks. 2 sider) med personopplysningar, kvalifikasjonar og arbeidserfaring Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullført høgare utdanning Relevante attestar/referansar Søknaden og vedlegga, med stadfesta omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, skal lastast opp via Jobbnorge.
- UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
- Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke.
- Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla.
- Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her . Om arbeidsgiveren: Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her