Now hiring

Ferievikar 2027 - Radiograf/ radiografstudentar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF LABORATORIER/RADIOLOGI VOLDA

Volda, NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Avdeling for radiologi Ålesund og Volda omfattar røntgenseksjonen ved Ålesund sjukehus, brystdiagnostisk senter (BDS) i Møre og Romsdal og nukleærmedisin og røntgenseksjonen ved Volda sjukehus. Avdelinga utfører årleg ca. 100 000 undersøkingar. BDS er då ikkje medregna.

  • Radiologi Volda har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 35.
  • Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande.
  • Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov.
  • Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din.
  • Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide.
  • Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
  • Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.

Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som radiograf 1., 2. eller 3. års radiografstudent Må beherske norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er engasjert, fleksibel og har godt humør Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer Fagleg interessert og lærevillig Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Trivst i ein aktiv og travel kvardag Vi tilbyr Høgt fagleg nivå Triveleg arbeidsmiljø Ein inkluderande arbeidsplass Løn i henhold til gjeldande overeinskomst For meir informasjon om vår region, sjå her . KontaktinformasjonAdrianna Brevik, Kost.seksjonsleder, radiologi Volda, [email protected] ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5209620840 Stillingsprosent: 100% Ferievikar Søknadsfrist: 31.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal.

Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di."

  • Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden.
  • Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest.
  • Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
  • Les meir om oss på www.helse-mr.no

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores