About this role
Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette noko for deg!
Avdeling barne- og avlastningstenester har ledig 75 % fast stilling som p.t nattevakt. Vi søkjer primært etter helsefagarbeidar, men andre med tilsvarande utdanning kan og søkje. Om du ikkje har relevant utdanning kan stillinga eventuelt verte omggjort til eitt års vikariat. Personleg eignaheit vert vektlagd.
Stillinga er ledig frå 01.02.2027Eining Bu- og Rehabilitering yt tillegg til barne- og avlastingstenester, tenester til vaksne menneske med ulike funksjonsvariasjonar og inkluderar mellom anna fleire bufelleskap og dagsenter.
- Arbeidsoppgåver Miljøarbeid og ivaretaking av tenestemottakarar i samsvar med gjeldande enkeltvedtak Helse, omsorgs- og pleiefagleg oppfølging Bidra til fagleg kvalitet tråd med faglege og etiske retningsliner Arbeidsoppgåver delegert frå næraste leiar Dokumentasjon i EPJ Forefallande arbeid Legemiddelhandtering kan verte aktuelt Kontakt med foresatte og andre samarbeidspartnarar Nokre møte kan kome utanom oppsett arbeidstid i turnus Kvalifikasjonar Autorisert helsefagarbeider eller eventuelt anna relevant utdanning Erfaring med miljøterapeutisk arbeid og oppfølging Erfaring frå arbeid med pleie og omsorgsarbeid ein fordel Erfaring med åtferd som utfordrar Du har gjerne erfaring med arbeid frå målgruppa Du evnar og har vilje til å sette deg inn i å etterleve gjeldande lovverk for aktuelle område Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som har ei særleg interesse for å arbeide med born og unge Du er omsorgsfull og evnar å vere ein trygg og ansvarsfull vaksen Du må ha stå på vilje og kunne handtere utfordrande situasjonar, også over tid Du er fleksibel og løysingsorientert Du er aktiv bidragsytar til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø Du evnar å arbeide godt sjølvstendig, og tek sjølvstendig ansvar Du har gode samarbeidsevner Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg Du held deg fagleg oppdatert, og fyl eininga sine oppsette planar for kompetanseutvikling God datakunnskap Du er open, lojal og til å stole på God omstillingsevne Personleg egnaheit vert vektlagt Vi tilbyr Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste.
- Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
KontaktinformasjonEva Eline Nygaard Tandstad, avdelingsleiar, 95456291, [email protected] Lisbeth Vinjevoll Schei, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, [email protected] ArbeidsstadHaugneset 20 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5210081641 Stillingsprosent: 75% Fast Startdato: 01.02.2027 Søknadsfrist: 04.12.2026 Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner.
Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her !