Now hiring

Vernepleiar eller sjukepleiar i 100% fast stilling @ SYKKYLVEN KOMMUNE KLOKKERHAUGEN

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du vernepleiar eller sjukepleiar som brenn for å skape gode kvardagar for andre – og samtidig ønskjer nye, spanande utfordringar? Då kan du vere akkurat den vi leitar etter! Vår avdeling Klokkerhaugen bustadar har no ei ledig 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar.

Stillinga er ledig frå 15.02.2027. Du blir ein del av ei engasjert og trygg faggruppe, og jobbar i p.t. langvaktsturnus med arbeid kvar fjerde helg. Bu- og Rehabiliteringstenestene er ei allsidig eining, som i tillegg til butenester for vaksne, tilbyr barne- og avlastingstenester, dagsenter, støttekontakt og avlasting privat. Hos oss får du varierte arbeidsdagar, gode faglege utfordringar og moglegheita til å gjere ein forskjell – kvar einaste dag.

  • Arbeidsoppgåver Miljøterapeutisk og helsefagleg arbeid i samsvar med brukars tenestetilbod Bistand til daglege gjeremål Planarbeid, etter gjeldande lovverk, mål og resultat Planlegge, kartlegge, dokumentere, evaluere tenestetilbodet Kontakt med interne- og eksterne samarbeidspartnarar Primær- og sekundærkontaktarbeid Legemiddeladministrasjon Samarbeid med pårørande/verge Journalføring i EPJ Eventuelt koordinatorfunksjon Eventuelt arbeid med Kap 9 HOTL og PBRL § 4A Rettleiing av opplæring av kollegaer, nye tilsette og eventuelt studentar Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar Kvalifikasjonar Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne Førarkort klasse B Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med brukargruppa og målretta miljøterapeutisk arbeid Erfaring med og kunnskap om tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar Kunnskap om og erfaring med førebygging og handtering som kan utfordre Kunnskap om kap 9 HOTL og kap 4A PBRL Det er krav om politiattest av ny dato ved tilsetting Personlege eigenskapar Du har evne til å arbeide målretta og strukturert Du er fleksibel og løysingsorientert Du har har god evne og vilje til å arbeide sjølvstendig og i team Du er aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø Du held deg fagleg oppdatert, som og inkluderar at du fyl eininga sitt årshjul for kompetanse Du viser stort fagleg engasjement og er ein aktiv bidragsytar til dette Du er lojal, har evne og vilje til etisk refleksjon og god arbeidsmoral Personleg eignaheit vert vektlagd Vi tilbyr Utviklingsorientert felleskap Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste.

Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonRandi Lindvik Kvam, avdelingsleiar, 46865387, [email protected] Lisbeth Vinjevoll Schei, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, [email protected] ArbeidsstadHaugneset 20 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5211740584 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026 Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv.

Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her !

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores