Now hiring

Rettleiar @ NAV BERGEN NORD

Bergen, NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Stilling som rettleiar på ungdomsavdelinga til Nav Bergen nord. Vi ser etter deg som trivst med å finne gode løysingar i samspel med menneske som er i ein krevjande situasjon og treng bistand. Er du ein person med pågangsmot og engasjement som ønsker å gjere ein forskjell? Trivst du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Blir du motivert av å sjå andre løyse sine utfordringar og lykkast med sine planar i eige liv? Då kan du vere den vi ser etter!

Nav Bergen nord har ledig fast stilling som rettleiar på ungdomsavdelinga der oppgåvane er å følge opp arbeidssøkarar og personar som av ulike grunnar har nedsett arbeidsevne. Kontoret har ca. 130 kommunalt og statlege tilsette og gjev tenester til bydelane Arna og Åsane med til saman ca. 55 000 innbyggarar. Vi har sentrale kontorlokaler i Thon senter Åsane.

Kva går jobben ut på?

  • Individuell oppfølging av ungdom.
  • Det vil sei kartlegging, rettleiing og motiveringsarbeid med fokus på den enkelte ungdom sin kompetanse og mogelegheit til å kome i arbeid, utdanning eller arbeidsretta aktivitet Vurdere tiltak i samråd med ungdom for å nå målet om arbeid eller utdanning Samarbeide med interne og eksterne aktørar Leie møter og legge til rette for gode prosessar for ungdom saman med samarbeidspartar Følge opp den enkelte arbeidsgivar og ungdom på arbeidsplassen Sakshandsaming etter lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning, tiltaksforskrifta og anna relevant lovverk Bruk av digitale verktøy og fagsystem Vi gjer merksam på at arbeidsoppgåver og avdelingstilknyting kan bli endra Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet.
  • Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning. god kjennskap til bruk av digitale verktøy i arbeidet god skriftleg og munnleg kommunikasjonsferdigheiter på norsk erfaring med å rettleie eller gje råd til personar i ulike situasjonar Det er ønskeleg at du har relevant erfaring med å bistå arbeidssøkarar ut i jobb erfaring med å jobbe tverrfagleg kjennskap til arbeidsmarknaden og arbeidsmarknaden sitt behov kjennskap til ulike utdanningsmoglegheiter kjennskap til lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning og tiltaksforskrift Kva vi ser etter hos deg?
  • Har gode samarbeidsevner Har evne til å motivere og skape gode relasjonar Er strukturert og har god arbeidskapasitet Jobbar sjølvstendig Er fleksibel og løysingsorientert og som kan håndtere det uforutsette i arbeidskvardagen Kvifor velje oss? spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer relevant opplæring og gode høve til utvikling fleksitidsordning med mogelegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida løn i stillingskode 1434 rådgjevar frå kr 639 000 - 661 000 per år.

For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse KontaktinformasjonJorunn Vaaland, Avdelingsleiar, 404 51 872, [email protected] ArbeidsstadÅsane Senter 19 5116 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Nav Referansenr.: 5211084941 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.12.2026 Om arbeidsgiveren: Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit. Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores