Now hiring

Sakshandsamar ved  forvaltningskontoret, vikariat 100% @ VOLDA KOMMUNE HELSE OG OMSORG ADMINISTRASJON

Volda, NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Forvaltningskontoret har ledig eit vikariat i 100 % stilling i eit år med moglegheit for forlenging. Forvaltningskontoret har ei sentral rolle i sakshandsaming og vedtaksfatting etter helse- og omsorgstenestelova. Vi tildeler tenester med utgangspunkt i ei heilskapleg tilnærming, der førebygging og den enkelte brukaren sine eigne ressursar står sentralt. Vi ønskjer å bidra til at innbyggjarane i kommunen kan meistre kvardagen sin, vere mest mogleg sjølvhjelpne og bu heime så lenge som mogleg.

  • Ressurskartlegging, brukarmedverknad og kvardagsrehabilitering er sentrale arbeidsområde ved kontoret.
  • Arbeidsoppgåver Sakshandsaming etter gjeldande lov- og rammeverk, for eksempel søknadar om korttids- og langtidsopphald, helsetenester i heim, praktisk bistand, omsorgsløn, avlastning m.m. Handsaming av e-link frå sjukehus, fastlegar og andre spesialisthelsetenester Samhandling med andre instansar, både internt og eksternt.
  • Samarbeide tett med pasient/brukar, pårørande og tenesteytarar Handtering av meldingsflyt mellom kommune og helseføretak.
  • Delta på samarbeidsmøter, gjennomføre vurderingsbesøk, Bidra til utvikling av tenestetilbodet.
  • Kvalifikasjonar Relevant 3-årig bachelorutdanning er ønskjeleg, men helsefagleg utdanning kombinert med lang erfaring frå helse- og omsorgstenestene kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå kommunale tenestetilbod, offentleg forvaltning og sakshandsaming.
  • God kjennskap til helse- og omsorgssektoren, samt helseføretaka sine oppgåver og ansvarsområde.
  • Svært gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner.
  • Gode digitale ferdigheiter og det er ein fordel med god kjennskap til Gerica.
  • Førarkort klasse B. Personlege eigenskapar Du evnar å prioritere arbeidsoppgåver i ein hektisk kvardag og har stor arbeidskapasitet.
  • Du er god på samarbeid og har blikk for heilskaplege og tverrfaglege løysingar.
  • Du evnar å arbeide sjølvstendig og strukturert, men og vere fleksibel og kreativ.
  • Vi tilbyr Godt fag- og arbeidsmiljø Fleksitid Løn etter gjaldande tariff.

KontaktinformasjonElin Høydal Vatne, Avdelingsleiar, +47 91 55 59 70 ArbeidsstadBarstadmarka 2 6102 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5211837199 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 06.12.2026 Om arbeidsgiveren: Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn.

Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien. I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i. Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen.

Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut. Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss! Fleire ledige stillingar i Volda kommune

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores