Now hiring

Resepsjonist (80% vikariat) @ ØYGARDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønskjer du ein variert arbeidskvardag der du får møte menneske og bidra til viktige samfunnsoppgåver? Øygarden kyrkjelege fellesråd har ledig eit 80 % vikariat i resepsjonen ved kyrkjekontoret på Straume. Vikariatet er i første omgang på kort sikt, med moglegheit for forlenging. Det kan også vere aktuelt med vidare arbeid som tilkallingsvikar. Stillinga er ein del av administrasjonen ved kyrkjekontoret og inneber varierte administrative oppgåver innan resepsjon, gravferdsforvaltning, gravplassadministrasjon og utleige.

Visjonen til Øygarden kyrkjelege fellesråd er «Nær Gud, nær menneske». Vi er eit stort fellesråd, med fem sokn og om lag 40 800 innbyggarar der 70,3% er medlemer i Den norske kyrkja. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og tverrfaglege sokneteam. Stillinga er primært knytt til Fjell sokn, men inngår i kyrkjemusikkseksjonen i fellesrådet. Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Om stillingaStillinga er hovudsakleg kontorbasert og omfattar administrative oppgåver innan resepsjon, gravferdsforvaltning, gravplassadministrasjon og utleige.Du vil ha jamleg kontakt med publikum, pårørande, gravferdsbyrå og andre samarbeidspartnarar. Arbeidskvardagen kan vere variert og til tider hektisk, med mange førespurnader, hyppige avbrot og behov for å prioritere og omstille seg undervegs.

  • Arbeidsoppgåver Svare på telefonar, e-postar og førespurnader frå publikum og samarbeidspartnarar Ta imot og vidareformidle post og andre førespurnader Motta og registrere gravferdsmeldingar Koordinering av gravferder og oppdatering av kalendrar Registrering og oppfølging i gravregistersystemet Administrasjon av graver, mellom anna tildeling, sletting og endring av festeansvar Fakturering av avgifter og tenester Administrasjon av utleige, nøklar og tilgangar Registrering og kontroll av fakturaer og kreditnotaer Vedlikehald av register og arkiv Andre førefallande administrative oppgåver Kvalifikasjonar Relevant utdanning innan kontor, administrasjon eller service er ønskjeleg Relevant erfaring frå resepsjon, kundeservice eller administrativt arbeid er ein fordel Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye datasystem God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Erfaring med kundebehandling og publikumskontakt er ønskjeleg Kjennskap til offentleg forvaltning eller gravplassadministrasjon er ein fordel Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.

Personlege eigenskapar Vi ser etter ein medarbeidar som: Er serviceinnstilt og møter menneske med respekt og omsorg Arbeider strukturert og nøyaktig, også i ein travel arbeidskvardag Er sjølvstendig, fleksibel og tek initiativ Har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i arbeidsmiljøet Er trygg i møte med menneske i ulike livssituasjonar Evnar å handtere fleire oppgåver samstundes og prioritere ved behov Er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne Vi tilbyr Eit variert og meiningsfullt arbeid med viktige samfunnsoppgåver Ein arbeidskvardag med både administrative oppgåver og publikumskontakt Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Moglegheit for forlenging av vikariatet og vidare arbeid som tilkallingsvikar Lønns- og arbeidsvilkår etter tariffavtale gjennom KA – Kyrkja sin arbeidsgivarorganisasjon Offentleg tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Bedriftshelseteneste KontaktinformasjonAnnlaug Børve, Kyrkjeverje, 47304530 Kari Sandøy Rong, kontroleiar, 93629159 ArbeidsstedTytebærbrekko 2 5353 Straume Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesråd Referansenr.: 5211759011 Stillingsprosent: 80% Vikar Søknadsfrist: 06.12.2026 Om arbeidsgiveren: «Nær Gud, nær menneske.» Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon.

I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen. Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.

Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve. Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores