Now hiring

Fengselsførstebetjent / Seniorkonsulent tenestekontor/HR/lønn @ BERGEN FENGSEL

Bergen, NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Bergen fengsel søkjer fengselsførstebetjent/seniorkonsulent til ei fast stilling ved tenestekontor / HR-seksjon/lønn Stillinga inngår i eit team med medarbeidar innan tenestekontor, HR, HMS og lønn. Funksjonen har ei sentral rolle i å sikre at lovar og avtaler blir fylgt opp, samt bidra til organisasjonsutvikling Tenestekontoret har ei sentral rolle i å balansere krava til bemanning, medarbeidarane sine behov og fengselet sin økonomi. Ein fengselsførstebetjent med ansvar for bemanning skal ha evne til systematisk ressursstyring og bemanningsplanlegging. Ein seniorkonsulent har blant anna, ansvar for administrativ sakshandsaming og enklare utviklings- og utgreiingsoppåver innan arbeidsområdet Oppstart snarleg.

Video: https://youtu.be/yPsJr8Exqts Arbeidsoppgåver føring av tenesteoppsett i GAT planleggje uttak og oppdekking av vakter ,herunder disponering av avløysarar og vikarar vere til støtte og bistand for linjeleiarane vere ein ressursperson for leiinga i turnusspørsmål, tilsettingar, analysearbeid og liknande ansvar for føring og overføring av lønnsdata mellom ressursstyringssytemet GAT og personalsystemet SAP sakshandsaming innan lønn, HR og HMS rekruttering den som vert tilsett må rekne med endringar i arbeids. og ansvarsområde.

Utdanning og erfaring Du må ha bestått fengselsbetjent utdanninga frå Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS, eller relevant Høgskule- eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå og 2 års erfaring. interesse og forståing for IT god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Det er ønskjeleg at du har efaring frå turnusarbeid kompetanse frå arbeid med GAT og DFØ (SAP) kjennskap til arbeidsmiljølova, Hovudavtalen og Hovudtariffavtalen i staten Excel-kunnskap rekruttering Personlege eigenskapar gode kommunikasjons- og samarbeidsevner evne til å arbeide analytisk og strukturert god rolle- og systemforståing, og evne til å tenke heilskapleg stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne må kunne trivast i eit til tider hektisk arbeidsmiljø Teamsamansetting, personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse arbeidsveke måndag til fredag på dagtid med fleksibel arbeidstidsordning gratis parkering, bedriftshelseteneste, kantine, velferdslag og treningstilbod Stillinga er løna som 0265 fengselsførstebetjent kr. 630 000 - 765 000 ,- eller 1 363 seniorkonsulent kr. 545 000 - 755 000,- , avhengig av ansiennitet og kompetanse.

Frå lønna vert det trekt 2% medlemsinnskott til Statens Pensjonskasse Generell informasjon Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunna bidra til ei endå betre oppgåveløysing. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.

Du kan lesa meir om krava for å bli vurdert som søkjer i desse gruppene her . Me gjer merksame på at det må ikkje vera noko å utsetja på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest forut for tilsetjing. Me gjer også merksame på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vera friteke frå søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gitt høve til å trekkja søknaden. Den som blir tilsett må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemde om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Administrasjonssjef Eirill Shin Nordvik Indrebø [email protected]| T: 95112964 For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20. Om arbeidsgiveren: Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv.

Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon. Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Skills

SAPExcelhuman resources

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores