About this role
Ønskjer du ein jobb der du kan kombinere fagleg ansvar med lange friperiodar? Vi har ledig eit års vikariat i 100 % stilling etter medleverprinsippet for vernepleiar eller sjukepleiar med erfaring frå miljøarbeid. Det vil vere moglegheit for forlenging i form av fast stilling i langvakter i tenesta.
Tilredning 01.04.2027 eller tidlegare etter avtale. I Miljøarbeidartenesta avdeling 2, Myklebusttunet arbeider du tett på personar med utviklingshemming og samansette bistandsbehov. Du får ei sentral rolle i den daglege oppfølginga av brukarane, med ansvarsvakt, helsefaglege oppgåver og miljøarbeid. Stillinga følgjer medleverordninga (2-7-2-7-3-7), som gir ein fleksibel arbeidskvardag med gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid. Vi treng deg som ser heile menneske, som har fokus på å skape gode og meiningsfulle kvardagar med fokus på løysingar og ikkje problem. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga.
Hjå oss kan du få Ein turnus som er organisert etter medleverordning etter prinsippet 2 dagar jobb - 7 dagar fri (2-7-2-7-3-7) med kvilande natt. Arbeid kvar 4.helg. Du arbeider som oftast to døgn i vekedagane og tre døgn på helg, med påfølgande friperioder. I tillegg til døgnvakter har vi personalmøter, fagmøter etc som er lagt i turnus. Eit engasjerande og inkluderende fagmiljø. Arbeid med fag og fagutvikling, til dømes gjennom deltaking i fagnettverk og eigne fagmøter felles for Miljøarbeidartenesta. Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Arbeidsoppgåver Oppgåvene er brukarretta og består mellom anna av: Gi individuelt tilpassa oppfølging og miljøterapeutisk arbeid til personar med utviklingshemming og samansette bistandsbehov.
- Ivareta helsefagleg oppfølging, legemiddelhandtering, observasjon og dokumentasjon.
- Ha ansvarsvakt og bidra til fagleg forsvarleg drift og kvalitet i tenestene.
- Ha primærkontaktansvar og medverke til planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak.
- Samarbeide tett med brukarar, pårørande, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.
- Bidra til fagutvikling, rettleiing og kompetansedeling i tenesta.
- Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som vernepleiar.
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar kan også vere aktuelt.
- For sjukepleiarar er det ønskjeleg med erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og miljøterapeutisk arbeid.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse og erfaring med dokumentasjon i elektronisk pasientjournal.
- Førarkort klasse B. Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
- Vi oppmodar særleg menn til å søkje, då personalgruppa i dag har ei overvekt av kvinner.
- Personlege eigenskapar Du er trygg, tydeleg og ansvarsmedviten i møte med brukarar, pårørande og kollegaer.
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig, ta faglege avgjerder og samstundes vere ein god lagspelar.
- Du er fleksibel, løysingsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag.
- Du har interesse for fagutvikling, kvalitetsforbetring og utvikling av gode tenester.
- Du bidreg aktivt til eit positivt, inkluderande og utviklande arbeidsmiljø.
For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. KontaktinformasjonSandra Berge, Konst. avd.leiar Miljøarbeidertenesta, 96514406 Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159 ArbeidsstadGrandavegen 9 6823 Sandane Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5193869849 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.04.2027 Sluttdato: 31.03.2028 Søknadsfrist: 03.12.2026 Om arbeidsgiveren: Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske.
Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper. Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.